30. november 2013

Hønsestrikk

Det tok nesten tjue år (!!!?) å få ferdig denne genseren. Eller- eg strikka bol og ermar ein gong på 90-talet. Så vart det lagt til side, kanskje fordi eg ikkje gadd å montere akkurat då? Vel, genseren dukka nyleg opp att, og eg brukte berre eit par timar på å sy i ermane og ordne kragen....
Eg hugsar ikkje kven genseren var tiltenkt i utgangspunktet, men eg gjettar eit tantebarn (som sjølvsagt ikkje lenger har bruk for eit plagg i str ca 2 år:-))
Det er altså restegarn som er brukt, truleg Heilo, Peer Gynt og liknande. Så no må eg finne ein verdig mottakar!

22. november 2013

Rillejakke


Dette var eit relativt raskt prosjekt: rillejakke frå Nøstebarnboka. Eg har ikkje brukt originalgarnet, men Nepal frå Drops. Rundt kantane hekla eg fastmaskar.
Str 2 år. Og knappane er absolutt prikken over i-en:-) Kjøpt på etsy.com for ganske lenge sidan.




4. november 2013

Fuglevottar

Fugleinteressert venninne med burgunder som yndlingsfarge. Kva passar vel betre i gåve enn dette votteparet?
Mønsteret er henta frå ravelry.com: http://www.ravelry.com/patterns/library/bird-mitten-chart
Eg har brukt pinnar nr 3, og garnet er Panda babyull (det kvite) og Inka (det burgunder).

Ser du fuglane:-)?