29. juni 2015

Stripekjole


29. juni og sommar. Sol? Varmt?  Bading i sjøen? Nix. Ikkje her. Her er det 12 grader, skodde og duskregn.  Difor passa det bra å posere i eit varmt strikkaplagg i dag.
Litt usikker på om dette er ein kjole eller ein tunika
Strikka av 100 gram tretråds Albulita merinoull frå Pickles, og ca 100 gram Kauni i fargen EX på pinnar nr 3,5.  Stripene er fire omgangar breie.
Eg strikka frå halsen og ned, starta med 66 maskar og auka så ut ved på annankvar omgang. 
6-åringen er 132 cm høg, så kjolen er vel i str 9-10 år, vil eg tru.



Mao lite som minner om sommar på desse kantane av landet.  Men kjolen har i alle fall ein sommarfuglknapp!

21. juni 2015

Retrojakke


Etter tidenes travlaste vår har eg no endeleg tid til å ferdigstille diverse prosjekt.  I dag fekk endeleg denne retrojakka knappar. 
Jakka er strikka i Nepal frå Drops, og var eit svært kjapt prosjekt. Str S passa perfekt til 11-åringen. Oppskrifta er henta frå boka "Strikk med raske pinner".













19. juni 2015

Hitchhiker

Laaange sjal er slett ikkje enkle å ta bilde av.  I alle fall ikkje når sjalet er dobbelt så langt som vedkomande som skal vise det fram.  
Hitchhiker er eit svært populært mønster på ravelry.com, og eg har strikka det ein gong før.  Også denne gongen skal sjalet gjevast til ein lærar gjennom dei fire første åra på barneskulen.


Armane er litt for korte.....

Sjalet er strikka av ein tråd alpakka frå Drops og ein tråd silkeull frå Nøstebarn. Eg brukte pinnar nr 4, og det gjekk med 150 gram alpakka og 100 gram silkeull.