21. mars 2016

Hoppvottar

For eit par år sidan var eg med i ein konkurranse om å designe ein Holmenkollvott. Det kan du lese om her:http://lindeik.blogspot.no/2014_01_01_archive.html
Eg vann ikkje, og gløymde eigentleg heile votten.  Men for nokre veker sidan fekk eg telefon frå ein svært hoppinteressert mann på Austlandet, som hadde forelska seg heilt i mønsteret mitt.  Han lurte på om eg kunne strikke eitt og kanskje to par slike vottar til han. No er det første paret ferdig og på veg til mottakaren. Eg kryssar fingrane for at dei passar!
Vottane er strikka av Rauma finull på pinnar nr 2,5.  Mønsteret har stor detaljrikdom, så sjølv med så tynne pinnar skal desse passe ei herrehand.  På tomlane står det Oslo, kransa av raude hjarte, og potesporet kjem sjølvsagt frå bikkja i bakken. På framsida ser du ein hoppar, snø og fire stilkarakterar.

20. mars 2016

To par mariusvottar

Ei helg = to par tova mariusvottar. Begge er strikka av Fritidsgarn på pinnar nr 6. Paret til venstre er strikka etter største str, medan paret til høgre er strikka etter den minste str. Oppskrifta finn du her.





5. mars 2016

Regnbogelue (i alle fall starten på ein regnboge..)


Mottakaren av denne regnbogekjolen ville gjerne ha ei matchande lue. Resultatet vart altså denne lua.
Lua er strikka i grå DROPS baby merino og regnbogefarga Kauni. Eg kom ikkje så langt i fargeskifta, naturleg nok.   Vrangborda er strikka på pinnar nr 2,5, resten på pinnar nr 3