16. april 2016

Lyng


Lyng, ja, det er akkurat det denne genseren heiter.  Grøn og brun: akkurat mine fargar.
Dette er faktisk ein Skappelgenser, berre sjå her.    Eg er i utgangspunktet ikkje så veldig begeistra for Skappelgenserar, fordi dei lett blir litt vide og slamsete.  Denne versjonen har eg laga rundfelling på, i staden for den fellinga som eigentleg skal vere på genseren (bildet er henta frå skappelgenseren.no):
Eg strikka min genser i str S-M.  Garnet er originalgarnet i originalfargane: bladgrøn og gyllenbrun MYK på pinnar nr 7.

Opning for tommelfingrane.


3. april 2016

Sesongens siste...?

Det er herleg vårstemning på Sunnmøre om dagen, men vottesesongen er visst ikkje heilt over.
Desse vottane skal passe ei barnehand, så eg har laga dei litt mindre enn det som står i oppskrifta. I staden for 36 maskar la eg opp 32, td. 
Dei er strikka av Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nummer 6 og tova på førti grader i maskin.
Tarzan har nok med å følgje med på alle hundane som går tur forbi huset vårt.

2. april 2016

Rilletrøje


Jakka er strikka i favorittgarnet mitt: totråds merinoull frå Nøstebarn.  Fargane er 892 naturgrå, 893 skifer og 882 gul. Sistnemnde skal visst ut av sortimentet.
Eg har brukt oppskrift frå heftet Babystrik på pinde 3 av Lene Holme Samsøe.  Jakka er strikka frå halsen og ned på pinnar nummer 3, og sidan eg strikka den litt lengre både her og der, meiner eg denne skal passe ca str 6-9 mnd.
Ryggen
Ermdetalj
Eg diskuterte lenge med meg sjølv om eg skulle gå for gule eller grå knappar. Landa altså på gule og trur eg er fornøgd med det.
Jakka fer straks ut døra som gåve til ein som snart vert fødd.