29. april 2009

Ferdig Klukka!

Då er Klukkaen endeleg ferdig! Mønsteret er henta herifrå. Kjolen er strikka i str M i Falk frå Dale. Den blei ganske passeleg, men litt for varm akkurat no. (Sommartemperaturar her på Sunnmøre no...) Kjolen blir nok god å ha til hausten/vinteren!
Det gjekk eigentleg ganske raskt å strikke denne. Oppskrifta var også veldig lett å forstå.

16. april 2009

Klukkaoppdatering

Hehe, dette blir litt millimeteroppdatering- men eg ville berre vise fargane på Klukkaen min. Hm, ser rosene ut som tomatar, tru?:-)


15. april 2009

Baby owlet



Mitt første prosjekt strikka utifrå ei engelsk oppskrift er ein Baby owlet. Uglemønsteret er utruleg stilig! Oppskrifta fann eg her. Gensaren er strikka av restetråd, truleg Smart, på pinne nummer 5. Eg strikka i str 6-9 mnd, og den passar akkurat til Inga, 6,5 mnd.

14. april 2009

Klukka- då er eg i gang!

Som så mange andre har eg forelska meg i Klukkakjolen. Og no er eg endeleg i gang med MIN!
Eg strikkar i Falk frå Dale, og eg har valt å bruke berre fire fargar: beige, brun, grøn og oransje. Hovudfargen er brun. Skal til på roseborda no, og den blir altså brun, grøn og oransje. Spennande!

8. april 2009

Veksejakka

Då er også veksejakka ferdig. Den er strikka i Sandnes Mini Alpakka i str 1-2 år. Eg har hekla rundt kantane og pynta med eit par hekla blomar.



Baskerlue


5-åringen vart veldig fornøgd med si nye lue! Den er strikka i dobbel Sandnes Mini Alpakka, og oppskrifta er henta frå Nøstebarnboka.

Babybukse av sokkegarn

Denne buksa er strikka av fleirfarga sokkegarn. Den har vore nesten ferdig lenge, men i går fekk eg endeleg festa trådar og sydd i knappar. Og jammen passar den fint til Inga på 6 mnd!


5. april 2009

Ebay er farleg! For ei stund sidan kjøpte eg desse to stoffstykka:
Så var det berre å finne ut KVA dei skal brukast til.... Men eg har store ambisjonar om å sy meir enn eg har gjort til no!!




Etter eit raid på ebay, vart eg den lukkelege eigar av tre nøster Rowan Baby Alpaca. Pinnestr er 4, og førebels anar eg ikkje kva eg skal strikke av det... Garnet er heilt nydeleg i alle fall- mjukt og deilig!!

Då er veksejakka straks ferdig! I kveld har eg sydd den saman. Neste steg er å hekle kantar og så tenkte eg at skulle prøve å hekle eit par blomster og sy på venstre side. (og eg som ikkje kan hekle.... :-))