6. mai 2017

RETRO: VM-genser?


Denne genseren dukka opp i barndomsheimen. Eg strikka den til systera mi ein gong på 80- eller 90-talet.
Genseren er truleg strikka i Heilo og då er det etter alt å døme snakk om eit mønster frå Dalegarn. Kan det vere ein VM-genser.....?
Fine fargar!
Passar fint til åtteåringen, kanskje den er i str 10 år?

3. mai 2017

Snøløvtunika

Eg blir visst aldri lei av Snøløvmønsteret. Denne gongen vart det ein tunika/lang genser.
Snøløvmønsteret til barn skal eigentleg strikkast på pinnar 3 og 3,5.  Eg ville bruke Drops Air og måtte difor bruke tjukkare pinnar, nemleg nummer 4,5 til vrangbordene og 5 til resten. 
Mottakaren fylte nyleg tre år, så eg måtte prøve meg litt fram for å finne nokolunde rett masketal.
Eg la opp 120 maskar. Nokre cm før ermfellinga, felte eg nokre maskar i kvar side.