28. april 2012

Rosa vest

Rosa vest basert på eit favorittmønster: enkel vest frå Pickles.  Vesten er strikka i Freestyle frå Dale, pinnar nr 5.   Det gjekk med ca 150 gram.
Knappane viser ikkje så godt på bildet-  men det er runde treknappar med eit hjarte i midten.  Vesten skal gjevast vekk i gåve til ein 4-åring.

18. april 2012

Vestar med ordknappar


Ordknappane frå Snella og Petronella er rett og slett bedårande!   To kollegaer fekk kvar sin gut nyleg- og eg strikka babyane kvar sin vest.  Oppskrifta er frå Nøstebarnboka.   Den brune er strikka i totråds garn frå Nøstebarn, den grå er strikka i Shetland soft- garn.  På knappane står det "fole kjekke kar" og "nauta nydla nurk".



17. april 2012

RETRO; Setesdalskjole




Har dykka litt i strikkeplaggarkivet igjen:-)  Norske tradisjonsmønster er stadig i vinden-  dette er setesdalsmønster.   Selekjolen er strikka i Rauma babyull i ca str 2 år.   God og varm, og begge jentene har brukt denne både på 17.mai og i dåp.

15. april 2012

Baby born til barnehagen


Kveldane i påskeveka sette eg av til dokkekledestrikking.   Slike små plagg er det fort gjort å få ferdig.   Dokka og klede er no levert til barnehagen der 3-åringen går-  som erstating for ein dugnad vi ikkje deltok på i fjor:-)







1. april 2012

Mariustunika

Mariustunika i str L.  Eg hadde ikkje oppskrift, men brukte ei anna tunikaoppskrift frå Dalegarn som utgangspunkt.    Tunikaen er strikka på pinnar nr 3,5 i Falk (det blå) og Smart (det raude og kvite).

 Eg starta i halsen og strikka nedover.

(Naboane trur sikkert eg er smårar-  står ute i snøføyka og tek bilde av strikkaplagg eg har hengt i eit tre:-))