26. mars 2022

Sommartopp

Tida går fort og det er snart sommar igjen. Kom på at eg ikkje har fortalt om denne sommartoppen tidlegare, så betre seint enn aldri...
Toppen er strikka i merino frå Viking Garn og eg brukte pinnar 3,5 på vrangborde nede og elles pinnar 4,5.
Bilda vart tekne i fjor sommar, og viser ein sjølvdesigna topp. Jentene la inn bestilling på ein litt kort topp med stroppar, og eg la opp litt på måfå og ordna passforma undervegs. Resultatet vart ikkje så verst- og eg har også strikka ein rosa og ein lyseblå versjon. I skrivande stund er eg i gang med heile tre stk, som er bestilt av venninner til eldstejenta.

14. mars 2022

Klassisk mariusgenser

Det finst vel ikkje noko meir klassisk enn dette: ein mariusgenser i dei norske fargane. Genseren er strikka i garnet Smart frå Sandnes og er i str. S.
Vrangbordene er strikka på pinne nummer 3, resten på pinne 3,5. Alle vrangmaskane er strikka vrange.
Bilda er tekne på Nordfjordeid.



 

19. februar 2022

Ny Sunnmørskofte


Dette er eit nytt design frå Hjørundfjordstrikk. Jakka heiter Ny Sunnmørskofte og er strikka i Rauma finull.
Eg har strikka den på oppdrag frå Hjørundfjordstrikk, så jakka skal vidare til rett mottakar. Str M.










18. januar 2022

Herregenser: Er det muleg?!

Det tok si tid, men like over nyttår vart også herreversjonen av denne genseren ferdig. Dameversjonen var ferdig i fjor haust. Mønsteret er sterkt inspirert av Karsten Warholm sitt fantastiske OL-løp, der han sette verdsrekord på 400 meter hekk. Tida: 45.94.
Ikkje så enkelt å få fram rette fargane i vinterlyset, men grønt og kvitt er fargane til Dimna IL- som er klubben til Warholm. Genseren har også hekkar, OL-ringane, verdsrekorden, løpebanene, sitatet "Er det muleg?!"- og ein Dimnakorr (sau). 

Genseren er strikka i Rauma finull i fargane 430 og 400 på pinnar nummer 3 og 3,5.  På herreversjonen har eg laga raglanfelling, medan dameversjonen har rundfelling.
Her er damegenseren: 

5. desember 2021

Islender

Islenderen er tilbake i motebildet for fullt. Denne varianten er strikka i Vams frå Raumagarn på pinnar nummer seks.
Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta frå Rauma- men eg ville unngå å ha isydde ermar. Difor bestemte eg meg for å strikke frå halsen og ned. Eg la opp 74 maskar på pinnar nummer fem, strikka halskanten, skifta til pinnar nummer seks og delte av til framstykke (20 maskar), bakstykke (20 maskar) og to ermar (15 maskar kvar) - med ein raglanmaske mellom kvar del. 
Så auka eg ein maske på kvar side av raglanmaskane på annakvar omgang nedover. Og når overdelen passa mottakaren, delte eg av til ermar og bol.
Bolen er litt cropped- etter ønske frå mottakaren. Og ermane er litt posete, der felte eg berre nokre få maskar nedover- før eg reduserte masketalet til 36 på vrangborda.
Dette var ein rask og effektiv måte å strikke ein islender på. Vams er eit svært godt garn, som berre blir mjukare og mjukare i bruk.


10. oktober 2021

Afmæli

Kan det bli finare?? Denne genseren ligg som gratisoppskrift her, og har det blitt strikka i eit utal fargekombinasjonar. Ifølgje Google Translate betyr det islandske ordet Afmæli bursdag på norsk, og det passar bra- for denne genseren er ei bursdagsgåve. (Mottakar fekk lov til å velje seg ein genser eg skulle strikke.)
Genseren er strikka i str M i dei originale fargane i Lettlopi: Black sheep, Ligth beige heather, Bottle green heater, Violet heater, Stone blue heather, Celery green heater, Golden heater, Rust heater og Brick heater. 
Eg brukte pinnar nummer 3,5 på vrangbordene og 4,5 på resten.

9. oktober 2021

Blå Louisiana Sweater

Denne vart ferdig i sommar. Det er ein Lousiana Sweater frå PetiteKnit, strikka i tre ulike trådar: Kos frå Sandnesgarn (farge 5521), Plum frå Rauma (farge 067) og lyseblå Nøstebarn totråds merinoull.
Meiner eg brukte pinnar nummer seks på vrangbordene og elles pinnar nummer ni. Strikka i str XS/S- men tilpassa til mottakaren etter kvart. Sidan genseren blir strikka frå halsen og ned, er det enkelt å prøve på undervegs for å finne ut kva tid ein skal dele av til ermar og bol.