30. desember 2011

Jakker og tunika

Sett i str 2 år. Rillejakke og tunika, oppskrift frå Strikk til Nøstebarn. Strikka av 3-trådsgarn frå Nøstebarn.
Kragejakke i str 4 år, oppskrift frå Strikk til Nøstebarn. Strikka av diverse restar i blå- og gråtonar.

Space-Marius

Denne er i str 6 år, strikka i Smart frå Sandnes. Inspirasjonen fann eg i same blogg som for Moods-Mariusen: http://www.tynn.no/syl/2010/11/lek-med-m%C3%B8nster/

Moods-Marius

Då kan eg endeleg vise fram årets julegåver;-) Denne gensaren er strikka i Smart frå Sandnes, str 8 år. Inspirasjon fann eg i denne bloggen: http://www.tynn.no/syl/2010/11/lek-med-m%C3%B8nster/

24. november 2011

Iphonegenser

Det går mot vinter og då må sjølvsagt telefonen få etui for å halde kulda ute:-) Strikka i alpakka frå Sandnes, pinnar nr 3.

Tunika/vest



Kjapp og enkel tunika/vest. Strikka i Lima frå Drops. Str. 8 år.



22. november 2011

Rosalilla monster

Kjekt å få unna nokre restar- denne monsterbuksa i ca str 8 år er strikka i rosa og lilla nyansar. Pinne nr 4.

Snurreluer

Mønsteret til desse luene fann eg i denne bloggen. Begge er strikka i Sterk fra Du Store Alpakka på pinne nr 3,5. Eit mjukt garn som er godt å strikke med!




23. oktober 2011

Marius

Marius med rundfelling i str 1 år. Strikka i alpakka frå Sandnes på pinne nr 3 og 3,5.


17. juli 2011

Glade striper

Dette er fargar til å bli glad av! Strikka i 3 tråds merinoull frå Nøstebarn, str ca 8 år. Litt varm no om sommaren, men kjem nok til å verte flittig brukt i vinter.


12. juli 2011

Dynetrekk-kjolar

Eit godt brukt dynetrekk med fine rosa blomster= kjolar i str 4 og 8 år. Og framleis er det stoff til mange fleire plagg:-)

Kjolar

Endeleg tid til litt sying! Først ein kjole i str 4 år, sydd av eit dynetrekk frå loppemarknad:

Så ein trollungetunika i str. 4 år. Stoffet er frå Panduro.

Og til slutt ein epletunika i str 4. år. Og dette stoffet er frå Panduro.

11. juli 2011

Heia Hødd!

Denne kjolen/tunikaen er strikka med utgangspunkt i denne oppskrifta: http://www.pickles.no/pickles/2011/5/26/enkel-kittel-med-hette-plain-girlie-hoodie.html frå fantastiske Pickles. Strikka i dobbel Lerke frå Dale på pinnar nr 5,5, str 8 år. Hødd er fotball-laget her i kommunen- eitt av topplaga i 1. divisjon.

6. juni 2011

Rosa vestar

Vestane er strikka i 2-tråds ull frå Nøstebarn. Den minste er i str 0-3 mnd, den største ca 3 år.

29. mars 2011

Grønt monster

Her fekk den grøne haugen med restegarn bein å gå på:-) Monsterbukse i ca str 6 år, pinnar nr 4,5.

6. mars 2011

Kattegenser

Kattegenseren er strikka etter oppskrift frå Nøstebarn. Str 4 år, pinnar nr 3. Garn: Shetland soft frå Malsenogmor.

Milo

Denne Miloen er strikka i dobbel Baby Merino frå Drops. Pinnar nr 4,5, str 6 mnd.


1. mars 2011

Enkel vest

Nok ein enkel vest (Pickles). Denne er strikka i beige Viking Alpaca på pinnar nr 6. Str 4 år.
Marihøneknappar:

19. februar 2011

Still light igjen

Denne Still lighten er strikka i Shetland soft frå Malsenogmor. Str S på pinnar nr 3. Garnet er utruleg lett og drygt- så det gjekk med berre 300 gram. Her er ein detalj frå eine lomma:

Lilla lukke

Denne kjolen er sydd av bomullsstoff (ermane) og polarfleece. Str 1 1/2 år.


16. februar 2011

Frottekjole

Dette herlege frottestoffet frå finske Myllymuksut måtte straks omsetjast til noko- og det vart ein kjole i str 2-3 år.
Ermane er laga av eit oransje dynetrekk frå 70-talet.

(Hm, ser litt merkeleg ut på venstre sida her, men kjolen vart visst bretta inn der då eg tok bildet)

Uglekjole

Kjolen er i str 10 år. Sydd av brun babykord og uglestoff frå Stoffogstil.