17. juli 2011

Glade striper

Dette er fargar til å bli glad av! Strikka i 3 tråds merinoull frå Nøstebarn, str ca 8 år. Litt varm no om sommaren, men kjem nok til å verte flittig brukt i vinter.


12. juli 2011

Dynetrekk-kjolar

Eit godt brukt dynetrekk med fine rosa blomster= kjolar i str 4 og 8 år. Og framleis er det stoff til mange fleire plagg:-)

Kjolar

Endeleg tid til litt sying! Først ein kjole i str 4 år, sydd av eit dynetrekk frå loppemarknad:

Så ein trollungetunika i str. 4 år. Stoffet er frå Panduro.

Og til slutt ein epletunika i str 4. år. Og dette stoffet er frå Panduro.

11. juli 2011

Heia Hødd!

Denne kjolen/tunikaen er strikka med utgangspunkt i denne oppskrifta: http://www.pickles.no/pickles/2011/5/26/enkel-kittel-med-hette-plain-girlie-hoodie.html frå fantastiske Pickles. Strikka i dobbel Lerke frå Dale på pinnar nr 5,5, str 8 år. Hødd er fotball-laget her i kommunen- eitt av topplaga i 1. divisjon.