27. mai 2009
Sweetheart
Så vart det jammen ein kjole til:-D!! Dette er ein Sweetheartkjole, designa av Tora Frøseth. Eg har strikka den i New Zealand lammeull, pinnar nr 3 og 3,5 i str 12 mnd.
25. mai 2009
Nye bøker
22. mai 2009
Mini-Klukka
5-åringen bestilte Klukka då ho såg MIN kjole. Ho har sjølv plukka ut fargane: beige, grøn og lys og mørk rosa. Kjolen er strikka i Falk frå Dale på pinne nr 4,5. Eg tok utgangspunkt i Klukkaoppskrifta, som er i vaksenstr.![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhtWWsqo72HaO7BMIup5dbVvygt61I7dUN8YHsTVviqYGu5n791pZSUqkqGrrmmZgf0xfR83VA7k8akhOEBAtqxBY3Rm4_rFfdGlv3bWZrSSd51FkL4IAam3fXQEiZ_2W94xb3zRtw3_jY/s400/014.JPG)
12. mai 2009
Selekjole
Eg er visst i skikkeleg kjolemodus for tida. Siste tilskot er denne selekjolen, som er strikka etter oppskrift i nøstebarnboka. Den er strikka i New Zealand lammeull, på pinne nr 2,5 og 3. Garnet var utruleg drygt- eg brukte rundt 80 g i str 1-2 år.![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiODwnifLRJ_TGyGKleG_y_MfklhDHLkMEjUPt3Hn7bBCGLPVYfqKrdIcocFp0CW0YOjX1xiJTgxlJFdh8-cfNEDY6tungps2Nj64iQ15KuWP4avhwjui6yvxqUE_de1JASCxhVV6P1EYg/s400/016.JPG)
6. mai 2009
Merkelappar
Desse har eg hatt liggande ei stund- merkelappar til å sy på plagga eg strikkar:
Symbola er handvask og ull. Eg bestilte dei her.
3. mai 2009
Little sister`s dress
Då er det tidlegare omtalte garnet (Rowan baby alpaca) omsett til ein liten kjole. Oppskrifta fann eg her. Eg strikka str 6 mnd og brukte pinne nr 3,5. Garnet var utruleg godt å strikke av- og kjolen er heilt usannsynleg mjuk!
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEj-pwAJV-FeytxrsrFpuLY-BaA9UzwSGWAcyPsD_GMIFdRFm1psYb2JHUKpOR8JPpGxhGNIR4GJJ-n7dpI6DlUdqm6D4e4RYsrJ-6fU7Kd9_Twiekok7r3bvUU41LpeZQ93b5bbvcN8ZgQ/s400/005.JPG)
Manglar berre eit par knappar..... (må gjere alvor av å bygge meg opp eit aldri så lite knappelager, trur eg..)
Abonner på:
Innlegg (Atom)