Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg

28. juni 2013

Dalekjolen

Denne kjolen kan eg ta max 10 prosent av æra for:-)  Eg er ingen heklar, men verdas beste kollega tilbaud seg å hekle viss eg ville lage denne ekstremt populære kjolen frå Dalegarn.  Så då hekla ho og eg monterte/sydde. Resultatet av teamarbeidet vart slik. 
Det er altså Dale som har designa denne kjolen, som går som ein farsott i hobbyverda.  Det er artig å sjå kor mange ulike variantar som vert laga- her er det absolutt mogleg å setje sitt personlege preg gjennom fargevalet. 
Vår versjon er hekla i originalgarnet Vipe frå Dale. Nål nr 3, og str vart ca 5-6 år til min store 4 1/2-åring.





Kjolen vart ekstremt godt teken imot!  Eg har sjeldan sett mottakaren SÅ glad for eit klesplagg. 
Litt vanskeleg å sjå, kanskje, men knappane utgjer namnet til 4 1/2-åringen; INGA. Og nedst er det ein rosa hjarteknapp. 
Skjørtet er sydd av eit gamalt dynetrekk.  Tidlegare har eg sydd tre kjolar av det same trekket.


No MÅ og BØR sommaren snart kome!

7. februar 2012

Albogelapp

Det var hol på albogen på gensaren frå Nøstebarn. Det måtte fiksast, og 3-åringen vart svært fornøgd (men prega av stundens alvor)!

1. februar 2011

Oldemorskjole

Saum og hekling i kombinasjon her. Sjølve kjolen er i brun polarfleece. Oldemorsrutene er hekla av ullgarn. Str ca 40.



9. juni 2010

Evigheitsprosjekt..


Dette skal etter planen bli sengeteppe til ei enkeltseng. Fire fargar; kvit, rosa og to lillafargar. Det går nok både vinter og vår før teppet blir ferdig, men eg er i alle fall godt i gang!

8. april 2010

Vesle oldemor

Her har eg kombinert sying og hekling. Sjølve kjolen er av grå polarfleece. Kanten er sett saman av oldemorsruter, hekla av diverse ullgarnrestar. Str 6 år.

4. juni 2009

Restevest

Denne vesten/tunikaen starta med eit intenst ønske om å lære å hekle! Har hekla rutene nedst og så strikka resten. Eg har brukt restegarn; det brune er litt babyull frå Dale, det rosa er New Zealand lammeull og det grøne er ull frå Nøstebarn. Rundt halsopninga og ermopningane har eg hekla ein omgang fastmaskar, så ein omgang med stavar. Oppskrifta er henta frå eige hovud.