3. november 2020

Haukeligenser

Det er kjekt med slike små prosjekt som blir raskt ferdig. Dette er Haukeligenser frå Klompelompe-boka "Strikk til store og små anledninger." Genseren er i str eitt år, og er strikka i alpakka frå Sandnes. Pinnar nummer 3 og 3,5.
Genseren er strikka frå halsen og ned, det vil seie at du gjer frå deg alt det gøye (mønsterstrikk) med ein gong. Oppskrifta er godt forklart og legg å følgje.
No skal genseren sendast til ein liten mottakar i London.
Eg brukte icord-felling på bol og ermar, det hindrar vrangborda å rulle seg opp.



24. oktober 2020

Nøstebarnteppe

Dette går overraskande raskt å strikke. Det er eit Nøstebarnteppe, og eg har tidlegare strikka tre andre.
Det går med 800 gram totråds merinoull frå Nøstebarn, og eg brukte lang rundpinne nummer ti. Oppskrifta finn du gratis her.
I dette teppet er det brukt naturkvitt, lysegrått, lyseblått og okergult. Teppet er strikka frå hjørne til hjørne, ved først å auke og lage kast og så felle og lage kast.







 

21. oktober 2020

Oskargenser til Olivia

Dette er ein Oskargenser. Oppskrift frå Bystrikk/Knitting Inna. Eg har strikka den av Royal Alpakka frå Dale i str cirka eitt år.







11. oktober 2020

Hjørundfjordgenser

Fin, sant? Dette er Hjørundfjordgenseren i haustfargar. Genseren frå Hjørundfjordstrikk vart lansert i Bakketunet på Bjørke i Hjørundfjorden i Ørsta 13. september. Då kjøpte eg to garnpakkar, ein til tolvåringen og ein til meg. No er den første ferdig, strikka i str S.
Genseren er strikka av Rauma finull på pinnar nummer tre og 3,5. Strikkepakkane finst også i ein vårversjon (grøn), ein sommarversjon (rosa/lilla) og vinterversjon (blå). 
Oppskrifta var lett å følgje, og sjølv om det nesten ikkje er omgangar utan mønster, følte eg ikkje at det blei for komplisert.


28. september 2020

Svartulvgenser

Boka Villmarksgensere har vorte ein stor suksess, og eg har tidlegare strikka Føyka og Norsk skoggenser derifrå. Denne her heiter Svartulvgenser, og eg har strikka den i Blåne frå Hillesvåg.
Blåne er eit pelsullgarn, og det gjer plagga litt lodne og ekstremt varme og omtrent vindtette. Denne genseren vil nok eigne seg som eit ytterplagg i den kaldaste vintertida.
Fin fargekombinasjon, synest eg. Mønsteret gjer at genseren blir dobbel.

Genseren er strikka i str L, og er det er ikkje eigaren som står modell her.

26. september 2020

Mariusgenser i alpakka

Eg nyttar kvart høve til å gje strikkaplagg i gåve:-) Denne Mariusgenseren var konfirmasjonsgåve no i september.
 
Genseren er i str S, og er strikka av alpakka frå Sandnes. 


Dei to døtrene mine, den eine i Mariusgenser, den andre i Loppisgenser frå Pickles.

25. september 2020

Loppisgenser

 
Dette vart eit langdrygt prosjekt! Loppisgenseren frå Pickles er strikka av Pickles Pure Wool på pinnar nummer tre (vrangbordene) og 3,5.
Eg brukte sju ulike fargar, så her vart det eit enormt arbeid å feste alle trådane...
Eg strikka etter storleik L.


21. juli 2020

Retro: Lilla og kvit genser

Det er artig med strikkaplagg som held seg like fine i år etter år. Denne genseren strikka eg ein gong på 80- eller 90-talet.
Eg hugsar ikkje kven som gav ut mønsteret, men eg er ganske sikker på at genseren er strikka i Heilo frå Dalegarn. 
To ulike lillafargar og kvitt.
Denne kan framleis brukast, 25-30 år etter at den vart laga. Skigenser, kanskje?