Viser innlegg med etiketten jakke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jakke. Vis alle innlegg

8. oktober 2021

Chunky rillejakke

Det er utruleg koseleg å strikke nokre små plagg av og til! Oppskrifta til denne jakka er henta frå Meg og ministrikk, ei bok av Lene Holme Samsøe.
Den er strikka frå halsen og ned, og det enkle flettemønsteret i raglanaukinga er veldig effektfull. Eg har strikka str 2 år og har brukt garnet Air frå Drops i ein lysblå farge.
"Made by Tante" står det på alle knappane.

5. juni 2021

Kufjordkofta

Kufjordkofta er eit design frå Hjørundfjordstrikk i Ørsta. Jakka er strikka i Rauma finull i åtte (!) ulike fargar på pinnar 2,5 og 3.

Dette er eit bestillingsverk i str M, og bilda vart tekne ved Ørstafjorden på veg til overlevering. 
Eit svært omfattande prosjekt, med mønster heile vegen og isydde ermar og knappestolpar.

26. desember 2019

Retrojakke

Eg har ein del Nepal frå Drops liggande, og då eg skulle strikke julegåve til mora mi-fall valet på retrojakka. (Sekstenåringen stilte opp som modell før jakka vart pakka inn.)
Oppskrifta er i boka Strikk med raske pinner, som Kristin Wiola Ødegård gav ut i 2013. Eg brukte to gråfargar, natur og tre rosafargar. Jakka er kjapp å strikke, sidan det blir brukt pinnar nummer seks.

Eg strikka str S, og i følgje rapport frå mottakaren, passa jakka perfekt.


22. august 2017

Lille vinterkonglejakke

Smått og søtt er vel rette skildringa av denne babyjakka.  Oppskrifta er å finne i den nyaste Klompelompeboka og jakka heiter Lille vinterkonglejakke.
Eg har brukt Pickles Pure Wool- eit garn som er utruleg godt å strikke av.  Etter vask vert plagget mjukt og godt.  Fargane er Tranebær nr 106 og Malte mandler nr 158.
Eg strikka str 3 mnd.  Pinnar nr 2,5 på vrangbordene, nr 3 på resten.  Jakka er strikka frå halsen og ned. 

10. april 2017

"Stor jakke til kalde dagar"

Jepp, jakka heiter "Stor jakke til kalde dagar". Oppskrifta fann eg i boka Strikk med raske pinner av Kristin Wiola Ødegård. 
Oppskrifta er lagt opp til at ein skal bruke Verdi og Fabel Mouline frå Garnstudio, men eg valde heller ein eigen vri: ein tråd Drops Air og ein tråd Dale Royal Alpakka. Sistnemnde frå lageret, frå den gongen Dale produserte garnet sitt her i Noreg.
Eg brukte pinnar nummer sju og strikka etter oppskrifta, som er one size. Jakka vart akkurat passe stor til tretteåringen.

Lommer! Dei er strikka som firkantar og sydde på til slutt

11. august 2016

Raskt babysett

Angoragarnet frå Nøstebarn er noko av det mjukaste eg veit. I denne jakka har eg strikka med ein tråd angoragarn og ein tråd totråds merinoull, også frå Nøstebarn.
Jakka er i str 3 månader.  Det vart eit litt uroleg uttrykk av meleringa, men eg håper mottakaren synest den er ok. Varm og mjuk er den i alle fall!
Eg strikka også ei lita lue til, berre i lilla. Både den og jakka er strikka på pinnar nr 4, så det gjekk raskt unna.

Oppskrifta er henta frå boka Strikk meir til Nøstebarn.

29. juli 2016

Røverkofte

Det har gått mykje i grått den siste tida på strikkefronten.  Denne jakka, som er designa av Kristin Wiola Ødegård, finst i både vaksen- og barneversjon.
Eg har strikka jakka i to gråfargar Smart frå Sandnes, to blåfargar minialpakka frå Sandnes og koksgrå Smart.  Mottakaren har grått og blått som yndlingsfargar, så då vart fargevalet slik.

Jakka er strikka i str XL.

7. juni 2016

Brekken

Det finst ekstremt mange koftemønster som absolutt fortener ei ny glanstid! Denne kofta er strikka etter mønsteret som heiter Brekken. Originalen er strikka i Peer Gynt frå Sandnes, eg har brukt Smart frå same garnprodusent.

Eg har brukt grått, natur og ein grønfarge. Brota er strikka på pinnar nr 3, medan resten er strikka på pinnar nr 3,5. Sidan originalmønsteret la opp til pinnar nr 2,5 og 3, måtte eg trikse og mikse litt for å få rett storleik.

Det skal eigentleg vere berre to fargar på kofta, men eg synest det vart fint med det grøne.  
Kofta er sånn cirka i str Large.


2. april 2016

Rilletrøje


Jakka er strikka i favorittgarnet mitt: totråds merinoull frå Nøstebarn.  Fargane er 892 naturgrå, 893 skifer og 882 gul. Sistnemnde skal visst ut av sortimentet.
Eg har brukt oppskrift frå heftet Babystrik på pinde 3 av Lene Holme Samsøe.  Jakka er strikka frå halsen og ned på pinnar nummer 3, og sidan eg strikka den litt lengre både her og der, meiner eg denne skal passe ca str 6-9 mnd.
Ryggen
Ermdetalj
Eg diskuterte lenge med meg sjølv om eg skulle gå for gule eller grå knappar. Landa altså på gule og trur eg er fornøgd med det.
Jakka fer straks ut døra som gåve til ein som snart vert fødd.

7. desember 2015

Nok ei Nancy


Så var det dette med desember og fotolys då...  Ikkje mange minutt midt på dag det er nokolunde lyst, spesielt når vi ikkje har snø.  Vel, snart 12-åringen poserer i eit bestillingsverk. Nancyjakka er strikka i originalgarnet Sandnes minialpakka.
Fargane er kaki (hovudfarge), natur, svart og grå.

Jakka er i str S med litt ekstra lengd på ermane.