Viser innlegg med etiketten raglan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten raglan. Vis alle innlegg

18. januar 2022

Herregenser: Er det muleg?!

Det tok si tid, men like over nyttår vart også herreversjonen av denne genseren ferdig. Dameversjonen var ferdig i fjor haust. Mønsteret er sterkt inspirert av Karsten Warholm sitt fantastiske OL-løp, der han sette verdsrekord på 400 meter hekk. Tida: 45.94.
Ikkje så enkelt å få fram rette fargane i vinterlyset, men grønt og kvitt er fargane til Dimna IL- som er klubben til Warholm. Genseren har også hekkar, OL-ringane, verdsrekorden, løpebanene, sitatet "Er det muleg?!"- og ein Dimnakorr (sau). 

Genseren er strikka i Rauma finull i fargane 430 og 400 på pinnar nummer 3 og 3,5.  På herreversjonen har eg laga raglanfelling, medan dameversjonen har rundfelling.
Her er damegenseren: 

5. desember 2021

Islender

Islenderen er tilbake i motebildet for fullt. Denne varianten er strikka i Vams frå Raumagarn på pinnar nummer seks.
Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta frå Rauma- men eg ville unngå å ha isydde ermar. Difor bestemte eg meg for å strikke frå halsen og ned. Eg la opp 74 maskar på pinnar nummer fem, strikka halskanten, skifta til pinnar nummer seks og delte av til framstykke (20 maskar), bakstykke (20 maskar) og to ermar (15 maskar kvar) - med ein raglanmaske mellom kvar del. 
Så auka eg ein maske på kvar side av raglanmaskane på annakvar omgang nedover. Og når overdelen passa mottakaren, delte eg av til ermar og bol.
Bolen er litt cropped- etter ønske frå mottakaren. Og ermane er litt posete, der felte eg berre nokre få maskar nedover- før eg reduserte masketalet til 36 på vrangborda.
Dette var ein rask og effektiv måte å strikke ein islender på. Vams er eit svært godt garn, som berre blir mjukare og mjukare i bruk.


1. oktober 2021

Lousiana Sweater

PetiteKnit har mange fine oppskrifter. Dette er Lousiana Sweater, som er ein enkel genser strikka ovanfrå og ned. Eg har strikka fleire slike i ulikt garn (er berre ikkje heilt i rute med blogginga...), og fordelen er at det er lett å tilpasse genseren etter kvart som du strikkar.
Denne er strikka i ein tråd Wish frå Drops (nr 05, beige) og ein tråd Pickles pure wool (nr 331). Sistnemnde er ein utgått farge, den finst i alle fall ikkje i nettbutikken til Pickles no.
Eg brukte pinnar nummer 6 på vrangbordene(skulle eigentleg vere nummer 8), og så pinnar nummer 9 på resten. Str XS/S.


4. februar 2021

3xHjørundfjordgenser

Det var bildetaking seint på kvelden i mange minusgrader:-) Genseren til venstre er i str Small og den har eg blogga om før. Den i midten er str L og var ferdig ei stund før jul. Den til høgre er i str M og er eit bestillingsverk.
Det er Hjørundfjordstrikk som står bak designet av Hjørundfjordgenseren. Garnpakkane finst i fire fargar: blå vinter, grøn vår, rosa sommar og brun haust.  Genseren er strikka i finullgarn frå Rauma på pinner 3 og 3,5.

21. oktober 2020

Oskargenser til Olivia

Dette er ein Oskargenser. Oppskrift frå Bystrikk/Knitting Inna. Eg har strikka den av Royal Alpakka frå Dale i str cirka eitt år.







11. oktober 2020

Hjørundfjordgenser

Fin, sant? Dette er Hjørundfjordgenseren i haustfargar. Genseren frå Hjørundfjordstrikk vart lansert i Bakketunet på Bjørke i Hjørundfjorden i Ørsta 13. september. Då kjøpte eg to garnpakkar, ein til tolvåringen og ein til meg. No er den første ferdig, strikka i str S.
Genseren er strikka av Rauma finull på pinnar nummer tre og 3,5. Strikkepakkane finst også i ein vårversjon (grøn), ein sommarversjon (rosa/lilla) og vinterversjon (blå). 
Oppskrifta var lett å følgje, og sjølv om det nesten ikkje er omgangar utan mønster, følte eg ikkje at det blei for komplisert.


8. april 2020

3xNoragenser

Eg har (kremt) eit velfylt garnlager- og er glad for det. Desse tre genserane er alle strikka av lagergarn.
Mønsteret heiter Noragenser og kjem frå Guttenogstrikkemor. Originalgarnet er merinoull frå Sandnes Garn, eg har brukt alpakka frå same produsent. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 3, resten på pinnar 3,5. Garnet er fantastisk mjukt, men ikkje det lettaste viss målet er å få til jamn mønsterstrikk- då er nok merinoull betre eigna.
Denne rosafargen er utruleg fin! Den heiter mørk gamalrosa og har fargenummer 4244. Det brune er nummer 2652, medan "lusa" er strikka av kvitt garn nummer 1001. Gråfargen som er brukt på den midterste genseren er nummer 1042. Den minste genseren har same brunfarge som dei to andre, i tillegg til rosa nummer 3511 og kitt nummer 1015.
Mønsteret finst i str frå 1 til 8 år. Den grå genseren er strikka etter 8 år, medan eg auka masketalet litt for å få den rosa ca i str 10 år. Den minste vil eg seie er i str 6-9 månader.
Bilda blei tekne i hui og hast i stiv kuling for eit par veker sidan- og er no trygt framme ho tre tanteborn lengre sør på Vestlandet.

6. februar 2020

Trær

Puh, dette var ein ganske langdryg affære: Trær-genser frå kolleksjonen Sandesgarn har laga i samarbeid med Cecilie Skog.
Genseren er strikka i originalfargane: rustbrun og kitt Babyull Lanett. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 2,5, resten på pinnar nummer 3.
Mottakar ønskte seg str XS, men med ekstra lengde på ermane.  
Veldig fint mønster, men det tek si tid å strikke: ikkje éin omgang utan mønster og ganske tynne pinnar.