Viser innlegg med etiketten retro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten retro. Vis alle innlegg

26. desember 2019

Retrojakke

Eg har ein del Nepal frå Drops liggande, og då eg skulle strikke julegåve til mora mi-fall valet på retrojakka. (Sekstenåringen stilte opp som modell før jakka vart pakka inn.)
Oppskrifta er i boka Strikk med raske pinner, som Kristin Wiola Ødegård gav ut i 2013. Eg brukte to gråfargar, natur og tre rosafargar. Jakka er kjapp å strikke, sidan det blir brukt pinnar nummer seks.

Eg strikka str S, og i følgje rapport frå mottakaren, passa jakka perfekt.


26. oktober 2019

RETRO: Genser med pepitaruter


Det har gått meir enn tretti år, kanskje nesten trettifem år, sidan den svarte og rosa genseren såg dagens lys.
Denne genseren strikka eg ein gong på ungdomsskulen, og sidan eg av prinsipp ikkje kastar strikkaplagg, dukka denne opp i heime no. Og jammen passar den fint til 11-åringen!
Eg hugsar ikkje alle detaljar, men eg meiner eg strikka genseren i eit mjukt garn frå Rauma. Mønsteret teikna eg sjølv, tydeleg inspirert av dei alltid aktuelle pepitarutene. I halsen er det taggekant, ser eg.
Genseren har isydde ermar, akkurat DET måtte mamma gjere- for på den tida hadde eg ikkje lært meg den kunsten.

9. juni 2019

Retro: Vest med hønsestrikk

Denne vesten strikka eg då eg gjekk siste året på barneskulen, altså for ganske mange år sidan. Det var det første store plagget eg strikka og vesten vart flittig brukt gjennom heile ungdomsskuletida.  
I dag prøvde tiåringen vesten (etter først å ha fått latteranfall på grunn av fargar og mønster..) 
Ho vedgjekk at vesten var ok- men at dette ikkje er eit plagg ho har tenkt å bruke. 
Vesten vart strikka av restegarn og eg laga bordene etter kvart som eg strikka. Ei av bordene har mange L-ar, for Linda.
Tarzan var som vanleg med når det skal takast bilde til bloggen. 







2. juli 2015

Dynetrekkjole

Eg sydde ein kjole til, når symaskina først var varm:-)  Mottakar er 6-åringen, og kjolen er sydd av eit gamalt dynetrekk.  Stoffet er i herlege solgule nyansar, og ifølgje seksåringen er kjolen kjempedeilig å ha på seg når det er varmt.









1. juli 2015

Kjolar av dynetrekk


 Sying er (diverre) ikkje kvardagskost her i huset.  Det innsåg eg då ungane benka seg rundt meg for å sjå meg sy i dag tidleg:-)

Å sy er noko eg gjerne gjer om sommaren, og denne gongen var det eit gamalt og godt brukt dynetrekk som skulle til pers.  Resultatet vart kjolar til 6- og 11-åringen.

Skikkeleg fint stoff med fint mønster!



Og i dag kom endeleg sommaren til Sunnmøre!


17. april 2012

RETRO; Setesdalskjole




Har dykka litt i strikkeplaggarkivet igjen:-)  Norske tradisjonsmønster er stadig i vinden-  dette er setesdalsmønster.   Selekjolen er strikka i Rauma babyull i ca str 2 år.   God og varm, og begge jentene har brukt denne både på 17.mai og i dåp.

2. februar 2012

RETRO: Grå og kvit kofte

Denne kofta er kanskje det kjæraste strikkaplagget eg har. Mamma strikka den til pappa då eg var lita- så den er sikkert snart førti år gamal. Eg overtok den for mange år sidan, og har brukt den flittig.
Ermane ber preg av mykje bruk- her må eg nok snart til med litt reparasjon.
Eg reknar med at kofta har eit namn. Kanskje nokon av blogglesarane veit det??

19. januar 2012

RETRO: Svart og brun genser

Ein brun og svart genser får æra av å starte ein serie her på bloggen min: eg hentar fram strikka kleda frå "gamle dagar"- dvs frå før eg starta blogginga. Denne genseren strikka eg på slutten av 80-talet ein gong, trur eg. Eg hugsar framleis at dama i strikkebutikken protesterte heftig då eg plukka ut fargane, ho meinte mønsteret ikkje kom til å vise skikkeleg:-)
Eg trur genseren er strikka i Heilo frå Dale, sidan det var yndlingsgarnet mitt på den tida. Varm og god og mykje brukt!