26. juni 2009

Maskemarkørar

Følte at det var på tide å skaffe meg nokre skikkelege maskemarkørar- etter å ha brukt bindersar, garnstumpar, sikkerheitsnåler.... i alle år. Som tenkt så gjort; etter eit kjapt besøk på ebay vart eg eigar av desse herlege pingvinane:

23. juni 2009

Milo nr 2 og 3

Etter å ha strikka vesten Milo, måtte eg berre strikke fleire!! Denne gongen vart det ein brun i str 3 år og ein raud i str 1 år. Begge er strikka på pinne 4 i Classic Alpakka frå Drops.
Den brune har ugleflettemønster. Til denne gjekk det med knapt 150 gram garn.
Detalj frå flettemønsteret. Den eine ugla har fått påsydd auge.
Den raude vesten har oxox-flettemønster. Eg brukte 100 gram garn til denne.

21. juni 2009

Pakke i posten

Det er alltid kjekt å få pakke i posten! I går kom det dettande ein pakke frå http://www.geilsk.dk/- Oppskrift og garn til Lille Toppstykke. Har tenkt å strikke det i str 6 år, men kva tid eg får starta, tja, sei det.... Fargen heiter lyng, forresten.
Eg bestilte også eit nøste Geilsk silkeuld- førebels anar eg ikkje kva eg skal bruke det til. Nokon som har eit forslag?????

16. juni 2009

Milo

Denne oppskrifta vil eg varmt anbefale! Vesten Milo er designa av Georgie Hallam, eg såg den på ravelry.com for ein månad sidan, men først for nokre dagar sidan vart oppskrifta lagt ut.
Vesten kan strikkast i str frå nyfødd og opp til 4 år. Den skal strikkast i eitt stykke og er rask å strikke! Eg brukte berre nokre timar på denne, som er i str 6 mnd.
Miloen min er strikka på pinne nr 4 i Classic alpakka frå Drops. Eg brukte knapt 100 gram garn. Denne skal eg gje i gåve til ein liten ny verdsborgar. Men det blir garantert fleire av desse!!

15. juni 2009

Indianarkjole

For ei stund sidan kjøpte eg boka Spirrevipstrik av Britta Wilfert- og det første prosjektet frå boka vart indianarkjolen. Eg har strikka den på pinne nr 5 i Merino Extra Fine frå Drops (beige, brun, rosa og grøn) og ein rest med alpakka frå Sandnes (lyng).


Det var artig å strikke mønsteret, mest fordi stripene gjorde at eg såg kor arbeidet voks. Eg strikka først skjørtet, så to dei to berestykka. Kjolen er i str 6 år. Og som vanleg vart det ferdige prosjektet teke i bruk med ein gong! Bilda er knipsa før avreise til barnehagen ein vermessig sur sommarmorgon.

4. juni 2009

Restevest

Denne vesten/tunikaen starta med eit intenst ønske om å lære å hekle! Har hekla rutene nedst og så strikka resten. Eg har brukt restegarn; det brune er litt babyull frå Dale, det rosa er New Zealand lammeull og det grøne er ull frå Nøstebarn. Rundt halsopninga og ermopningane har eg hekla ein omgang fastmaskar, så ein omgang med stavar. Oppskrifta er henta frå eige hovud.