Viser innlegg med etiketten Air. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Air. Vis alle innlegg

8. oktober 2021

Chunky rillejakke

Det er utruleg koseleg å strikke nokre små plagg av og til! Oppskrifta til denne jakka er henta frå Meg og ministrikk, ei bok av Lene Holme Samsøe.
Den er strikka frå halsen og ned, og det enkle flettemønsteret i raglanaukinga er veldig effektfull. Eg har strikka str 2 år og har brukt garnet Air frå Drops i ein lysblå farge.
"Made by Tante" står det på alle knappane.

12. februar 2018

Stryta


Samtale for fjorten dagar sidan:
- Mamma, skulle ikkje du strikke genser til meg til leirskulen?
- Oj, jau, eg sa vel det. Men er du sikker på at du vil ha strikkagenser då?
- Ja.
Leirskulen starta i dag. Så etter den samtalen for to veker sidan var det med andre ord berre å kaste seg rundt. (Det er ikkje kvar dag 12-åringen ønskjer seg eit strikkaplagg, for å seie det mildt...)
Valet fall på tjukke pinnar og tjukt garn, ikkje overraskande. Genseren er strikka på pinnar nummer 4,5 (4 på vrangbordene) i Drops Air frå lageret. Fargane er perlegrå 03, blå 16 og jeansblå 17.
Eg kunne ikkje bruke all verdas tid på å leite etter ei passande oppskrift, for her var det viktig å kome i gang med strikkinga fortast mogleg.-).  Eg tok næraste strikkebok og la opp etter str S i Riddari-oppskrifta i boka Islands Strikk.
Sjølve mønsterbordene er ikkje frå Riddari, dei henta eg frå genseren som heiter Stryta. Men sidan eg strikka av tynnare garn, måtte eg jukse til med ei ekstra bord øvst, for å få genseren lang nok.
Genseren passar perfekt til 12-åringen. Så no er håpet at den vert god å ha på leirskulen på Dombås denne veka.

3. mai 2017

Snøløvtunika

Eg blir visst aldri lei av Snøløvmønsteret. Denne gongen vart det ein tunika/lang genser.
Snøløvmønsteret til barn skal eigentleg strikkast på pinnar 3 og 3,5.  Eg ville bruke Drops Air og måtte difor bruke tjukkare pinnar, nemleg nummer 4,5 til vrangbordene og 5 til resten. 
Mottakaren fylte nyleg tre år, så eg måtte prøve meg litt fram for å finne nokolunde rett masketal.
Eg la opp 120 maskar. Nokre cm før ermfellinga, felte eg nokre maskar i kvar side.




10. april 2017

"Stor jakke til kalde dagar"

Jepp, jakka heiter "Stor jakke til kalde dagar". Oppskrifta fann eg i boka Strikk med raske pinner av Kristin Wiola Ødegård. 
Oppskrifta er lagt opp til at ein skal bruke Verdi og Fabel Mouline frå Garnstudio, men eg valde heller ein eigen vri: ein tråd Drops Air og ein tråd Dale Royal Alpakka. Sistnemnde frå lageret, frå den gongen Dale produserte garnet sitt her i Noreg.
Eg brukte pinnar nummer sju og strikka etter oppskrifta, som er one size. Jakka vart akkurat passe stor til tretteåringen.

Lommer! Dei er strikka som firkantar og sydde på til slutt

18. mars 2017

Mary møter Leah

Eg skulle i utgangspunktet strikke ein Leah Love-genser... (bilde frå garnius.no):
Men undervegs fann eg ut at eg heller ville strikke det vakre Marymønsteret.  Genseren er strikka i Air frå Drops på pinnar nummer fem. 
Eg strikka str S og dampa genseren forsiktig.
Eg brukte knapt 250 gram lyseblått (farge 16) og ca 30 gram natur (farge 01).
Marymønsteret (snøløv i barnestr) er eit svært enkelt og fint mønster!

6. februar 2017

Leah Love


Dette var eit festleg prosjekt. Leah Love kjøpte eg som garnpakke frå Garnius. Med Drops Air på pinnar nr 5 gjekk det rykande fort. Det spesielle var at genseren skulle dampast GODT for å få rette storleiken.
Eg strikka str L og dampa den berre sånn middels, for eg ville ikkje ha ein veldig oversized genser. Synest resultatet vart ok.
Sidan eg ikkje kan fordra høge halsar, strikka eg halsen rundt tjue centimeter kortare enn det oppskrifta la opp til.
Raglanfelling.
Dette er eit plagg eg kan ha direkte på huda. Veldig mjuk genser!