25. oktober 2014

Rilledress

Dressen har vore ferdig ei stund, men fekk knappar først i går.. (Merkeleg korleis knappar fort kan vere eit stort tiltak å få sydd i:-))  Eg har strikka dressen frå halsen og ned på pinnar nr 4 i dobbel Drops babymerino.  Og oppskrift?  Tja, eg brukte metoden "Plagget blir til medan eg strikkar."
På berestykket og nedst på ermar og føter er det rillestrikk i fargane blå, turkis og grøn.
Merinoplagg vert veldig mjuke og kløfrie, men sig noko forferdeleg etter vask. Difor må denne tørkast flatt, elles fryktar eg den får lengd som passar ein 10-åring i staden for ein 1-åring!


Litt for store knappar, kanskje..?

18. oktober 2014

Londontunika

Kanskje ikkje så mykje London over dette plagget her, men namnet har ei forklaring: eg var innom Loop Knitting-butikken i Camden Passage då eg var i London for eit par månader sidan. Der kjøpte eg tre hespar a 100 gram av garnet Ultra Alpaca frå Berroco.
Garnet har no vorte til denne tunikaen i str 6-8 år, ca.  Eg starta øvst (la opp 66 maskar) og strikka nedover til garnet var oppbrukt.   Det skulle eigentleg brukast pinnar nr 5, men eg fann berre nr 4,5- så då brukte eg det.
Tunikaen vart rett og slett herleg: mjuk og varm. 

Garnet finst i veldig mange fine fargar.  Ikkje så lett å gjengje fargane eg brukte,  men det er altså lysegrått, lilla og okergult.
(Forresten lenge sidan sist oppdatering her, det skuldast tidenes travlaste haust og lite tid til strikking. Satsar på å kome sterkare tilbake!)