Viser innlegg med etiketten Nepal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nepal. Vis alle innlegg

26. desember 2019

Retrojakke

Eg har ein del Nepal frå Drops liggande, og då eg skulle strikke julegåve til mora mi-fall valet på retrojakka. (Sekstenåringen stilte opp som modell før jakka vart pakka inn.)
Oppskrifta er i boka Strikk med raske pinner, som Kristin Wiola Ødegård gav ut i 2013. Eg brukte to gråfargar, natur og tre rosafargar. Jakka er kjapp å strikke, sidan det blir brukt pinnar nummer seks.

Eg strikka str S, og i følgje rapport frå mottakaren, passa jakka perfekt.


9. desember 2018

Bellavottar


Bellavottane er skikkeleg fine! Oppskrifta finn du gratis her.
Eg har brukt Nepal frå Drops og pinnar nummer 5.






5. juni 2017

Riddari

Denne islandsgenseren heiter Riddari. Oppskrifta fann eg i boka Islandsk strikk. Her er meir informasjon.
Eg valde å strikke genseren i tre gråfargar og ein grønfarge frå Nepal, Drops.  Genseren er strikka på pinnar nr 3,5 og 4,5.
Rundefelling er veldig ok, må eg seie. Lite montering og fin passform, og så går det raskt unna når ein først startar på berestykket.
Brota startar med nokre omgangar rett, før det er vrangbord to rette og to vrange.
Eg strikka str. L.

16. januar 2017

Favorittislandsgenser

Favorittislandsgenseren, designa av Vilde Sørdal, kan fort bli nettopp det- ein favoritt, altså. 
Eg har berre oppskrift på vaksengenser, men det er enkelt å rekne seg fram til mindre storleikar.  Denne skal passe ein seksåring og er strikka i grå, kvit og blå Nepal frå Drops. Genseren er svært kjappstrikka og er tjukk og varm. Kan brukast som ytterplagg no til våren, til dømes.
Eg brukte pinnar nr 4,5 på vrangbordene og pinnar nr 5 på resten.

23. september 2016

Bellavottar x 2

Seint, men godt: eg har oppdaga dei fantastisk fine Bellavottane!
Vottane har fått namn etter hovudpersonen i filmen Twilight (2008). Ho har på seg grå vottar med fletter på.  Meir om vottane og lenke til både engelsk og norsk oppskrift finn du her: http://www.strikkeoppskrift.com/bellas-mittens-bellas-votter
Mine to første (ja, eg reknar med at det vert fleire...) er strikka av Nepal frå Drops på pinnar nr 5.  Eg strikka kortversjonen og synest dei eigentleg vart lange nok.
Ser at fargane varierer litt frå bilde til bilde, det er nok det øvste bildet som gjengir fargane best.

16. juli 2016

To enkle vestar

Enkel vest frå Pickles er nettopp det: enkel.  Desse to strikka eg på eit par dagar, då det dukka opp behov for gåve til ei nyfødd jente.   Då eg først var i gang, strikka eg ein vest til storesystera også.
Vestane er strikka av ein tråd Nepal og ein tråd totråds merinoull frå Nøstebarn.  Eg brukte pinne nr 6. Den rosa er i str 1 år, den lilla i str 4 år.
Å blande Nepal og Nøstebarngarn gir ei fin melering.


19. juni 2016

Favorittislandsgenser


"Nokon" har kjøpt ganske mykje Nepal-garn frå Drops. Difor måtte "nokon" finne noko å strikke av dette garnet.  Det vart ein favorittislandsgenser til sjuåringen i lysegrått og to rosafargar.
Mønsteret er laga av Vilde Sofie Michaelsen Sørdal og kan kjøpast på ravelry.com. Oppskrifta går eigentleg berre ned i str XS, men med litt triksing og miksing fekk eg ein genser i str XXS eller ca ti år.  Eg la opp åtte maskar færre enn til str XS, strikka nokre centimeter kortare bol og ermar, osb.
Vrangbordene er strikka på pinne nr 4,5, resten på pinne nr 5.
Ikkje så enkelt å ha laaaangt hår i nordavinden......



Slike strender har vi her på Sunnmøre. Fint ver, men litt for kald vind til at folk vart lokka til bading i dag.
Veldig fornøgd med genseren, og sidan "nokon" har meir enn nok Nepal i lageret, blir det truleg fleire av same sort i løpet av nær framtid.