4. september 2021

- Er det muleg?1

ER DET MULEG?!: 3. august 2021: Det er tidleg morgon når eg slår opp auga på rommet i femte etasje på Cochs Pensjonat i Parkvegen i Oslo. Resten av familien søv. Eg blir liggande å tenke. Stemmer det at eg nokre timar tidlegare hadde stått ikledd nattkjole på golvet her og ropt høgt? Eg sjekkar nettavisene, og fleire stader lyser sitatet “Er det muleg?!” imot meg. Ifølgje rapportane frå Tokyo var det det Karsten Warholm ropte då han var komen i mål og innsåg at han hadde sett ny verdsrekord på 400 meter hekk med tida 45,94.
Det slår meg at det er på tide å gjennomføre ein idé eg har hatt sidan han tok det første VM-gullet i 2017.

Seinare den dagen går eg difor innom Husfliden på Stortorvet. “Skal jeg hjelpe deg med noe?”, blir eg spurt medan eg står og vurderer dei ulike garntypene. “Neidå, eg skal berre finne Dimna-fargane”, seier eg- og får eit svært spørjande blikk til svar.
No er genseren ferdig. Den er kraftig inspirert av Karsten, Dimna IL og det utrulege OL-gullet. Ser du etter, skal du finne både hekkar, OL-ringane, verdsrekorden, løpebanene, sitatet- og ein Dimnakorr. Genseren er strikka i finull frå Raumagarn, og er i storleik L. Dette er dameversjonen, planen er å strikka også ein herreversjon.