17. juli 2011
Glade striper
Dette er fargar til å bli glad av! Strikka i 3 tråds merinoull frå Nøstebarn, str ca 8 år. Litt varm no om sommaren, men kjem nok til å verte flittig brukt i vinter.
12. juli 2011
Dynetrekk-kjolar
Eit godt brukt dynetrekk med fine rosa blomster= kjolar i str 4 og 8 år. Og framleis er det stoff til mange fleire plagg:-)
Kjolar
Endeleg tid til litt sying! Først ein kjole i str 4 år, sydd av eit dynetrekk frå loppemarknad:
Så ein trollungetunika i str. 4 år. Stoffet er frå Panduro.
Og til slutt ein epletunika i str 4. år. Og dette stoffet er frå Panduro.
11. juli 2011
Heia Hødd!
Denne kjolen/tunikaen er strikka med utgangspunkt i denne oppskrifta:
http://www.pickles.no/pickles/2011/5/26/enkel-kittel-med-hette-plain-girlie-hoodie.html
frå fantastiske Pickles. Strikka i dobbel Lerke frå Dale på pinnar nr 5,5, str 8 år. Hødd er fotball-laget her i kommunen- eitt av topplaga i 1. divisjon.
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)