Igjen ha eg leita litt i bunken med strikkaplagg som er nokre år gamle. Dette er sirdalskofte, strikka i eit eller anna garn frå Dale ein eller annan gong på 90-talet. Det finst mange ulike strikkakofter i Noreg- dette er ei av dei finaste, etter mi meining.
27. mai 2012
19. mai 2012
Chilivest
Denne vesten er strikka av Wollmeise, twin. Fargen heiter Red hot chili. Strikka frå halsen og ned på pinne nr 3. Eg brukte heile nøstet, dvs 150 gram. Str. ca 4 år. Strikka etter innfallsmetoden- utan oppskrift.
Det spesielle med vesten er knappane på ryggen- fem i nakken og fire heilt nedst.
Litt motvillig modell.......
Litt motvillig modell.......
2. mai 2012
Høddmarius
Denne mariusvarianten gir truleg null meining for dei som ikkje er så opptekne av fotball:-) Men Hødd er namnet på fotballaget (1. divisjon) her i Ulsteinvik. Og sidan 3,5-åringen er ein ihuga
Hødd-tilhengar, passa det bra med ein slik kjole.
Ho er spesielt glad for at det også er hjarte på kjolen.
"No går det berre ein veg, Hødd!" |
Kjolen er strikka frå halsen og ned. Garn: Falk (det blå) og Smart (det raude og kvite), pinnar nr 3,5.
1. mai 2012
Babyteppe
Det er varmt og mjukt. Babyteppe strikka i 2-trådsgarn frå Nøstebarn. Skråstrikka på pinnar nr 6 og det gjekk med 200 gram garn. Ganske stort- så dette vil nok passe heilt til konfirmasjonsalderen:-D
Abonner på:
Innlegg (Atom)