Jakka er ikkje strikka i originalgarnet, men i garn frå Du store alpakka: ein tråd tynn alpakka i mørk lilla og ein tråd Faerytale i mørk lilla. Heile jakka er strikka på pinnar nr 6.
Det er alltid vanskeleg å fram lillafargar på bilde, særleg når det er nok ein regntung dag her på Sunnmøre. (Bilda er altså tekne i dag, på nyårsaftan. Mildver, regn og grøne markar på heimstaden min Eikrem i Volda.)
Framstykka er rillestrikka, resten er glattstrikka.
(5-åringen måtte få bli med på eitt bilde..)
Jakka er strikka ovanfrå og ned, og mønsteret finst også i vaksenversjon. Kjempefin passform!
Og sidan dette er siste blogginnlegg i 2013: Godt nyttår, sjåast i 2014!