Romjulsprosjektet er ferdig! Kjole med utgangspunkt i eit herleg mønster som heiter
Nova. Eg følgde ikkje oppskrifta slavisk, mellom anna droppa eg knappestolpane som skal vere på framstykket.
I staden for to fargar brukte eg fire fargar: lilla, petrol, sennepsgul og lys grå. Den sennepsgule er ein rest New Zealand lammeull, medan dei tre andre er 2-tråds frå Nøstebarn. Trur forresten to av fargane (lys grå og petrol) er utgåtte fargar frå Nøstebarn- det er i alle fall lenge sidan eg kjøpte dei.
Kjolen er strikka på pinnar nr 2,5 (kantane) og på pinnar nr 3. Str 6 år, men ikkje meir enn akkurat passeleg til min store 4-åring. Eg kunne td med fordel ha strikka den nokre cm lengre, ser eg.
Eg vert alltid i godt humør når eg strikkar med slikt ullgarn; det er så mjukt og varmt, og sjølv om det er ganske tynne pinnar, går det raskt unna.
Godt nyttår, forresten:-)!!!