Enkelte strikkebøker kjem eg tilbake til gong etter gong. Nøstebarnboka er ei slik. Denne gongen vart det ein rullegenser utan knappar. Strikka i totrådsgarn frå Nøstebarn, pinnar nr 2,5 og 3. Str 1,5- 2 år.
4-åringen har mange venninner, dei fleste går i same barnehage. Men det er EI som er sårt sakna, for ho har skifta barnehage.. Då er det veldig koseleg å få bursdagsinvitasjon! Eg sydde ein kjole,som venninna fekk i gåve. Den er sydd av eit gamalt dynetrekk i herleg, mjuk bomull. Og fekk eit par hjarte, for å symbolisere venskapen mellom dei to jentene:-)