Vogna fekk eg i julegåve i 1975 då eg var fire år, og eg meiner framleis at det er den finaste og beste julegåva eg nokon gong har fått. Den er laga på Grepafabrikken i nabokommunen Ørsta, og er ein tru kopi av barnevognene som også vart laga der.
Både vognproduksjonen og fabrikken er historie no, diverre. EG brukte vogna mest til å frakte katten inne og ute. No passar eg på den som ein smed, og tillet bruk berre under strengt tilsyn:-) For eg er livredd for at vogna skal verte øydelagd.
Denne helga har vi forresten hatt fantastisk ver!