Denne tunikaen vart til av restar frå tunikaen
i eit tidlegare innlegg, og er kraftig inspirert av
dette innlegget i ein av mine favorittbloggar, To vrange.
Eg har brukt Kauni; koksgrå og EA(lange fargeskift i rosa, lilla, grøn og blå). På dette plagget synest eg det vart finast å stoppe før eg starta på det grøne- då vart hjarta i rosa- og lillasjatteringar.
Tunikaen er strikka frå toppen og ned på pinnar nr 3,5. Eg la opp 60 maskar og delte inn på følgjande måte med maskemarkørar: 20 maskar til bakstykke, 20 maskar til framstykke og ti maskar på kvar erm. Så auka eg ein maske på kvar side av markørane på annankvar omgang til eg synest det såg langt nok ut. Sette så ermemaskane på trådar og strikka ferdig bolen. På ermane hekla eg til slutt ein kant med fastmaskar (for eg hadde ikkje nok garn til å strikke ein rillekant..)
Denne gongen var val av knapp enkelt: hjartetunika MÅ ha hjarteknapp!
Etter ein omgang på silkevask vart tunikaen veldig mjuk. Str ca 18-24 mnd. Og er allereie overlevert til ei herleg jente eg er så heldig å vere tante til:-)
(Tarzan dukka sjølvsagt opp då det var fotografering. I nabolaget går han under namnet Mjukepusen- og det er fullt forståeleg. For makan til mjuk og tjukk pels skal du leite lenge etter!)