Ups, something went wrong...... Enkel bestefartrøye frå Pickles har lange ermar. Min versjon har korte ermar. Kva skjedde??
Vel, det skjedde ikkje noko meir dramatisk enn at eg ikkje hadde nok garn. Ifølgje oppskrifta skulle det halde med 100 gram Puckles merino tweed i str 1 år. Det gjorde det altså ikkje.
Trøya er strikka frå erm til erm. Dermed måtte eg rekke opp nokre riller på erm nr 1 for å få nok garn til å fullføre erm nr 2.
Fargen heiter Røsslyng og har nr 5538. Eg har brukt pinnar nr 5,5.