29. juni og sommar. Sol? Varmt? Bading i sjøen? Nix. Ikkje her. Her er det 12 grader, skodde og duskregn. Difor passa det bra å posere i eit varmt strikkaplagg i dag.
Litt usikker på om dette er ein kjole eller ein tunika
Strikka av 100 gram tretråds Albulita merinoull frå Pickles, og ca 100 gram Kauni i fargen EX på pinnar nr 3,5. Stripene er fire omgangar breie.
Eg strikka frå halsen og ned, starta med 66 maskar og auka så ut ved på annankvar omgang.
6-åringen er 132 cm høg, så kjolen er vel i str 9-10 år, vil eg tru.
Mao lite som minner om sommar på desse kantane av landet. Men kjolen har i alle fall ein sommarfuglknapp!