"Ha ha ha", seier du kanskje,
"no har ho bomma stygt på storleiken!!" Det kan kanskje sjå slik ut, men nei, alt er som det skal vere. Det er altså ikkje rette eigar som har på seg jakka: elleveåringen står berre modell med jakka mormora hennar skal ha.
For stundom gir eg folk gåvekort på eit strikkaplagg. Til sist jul til dømes, fekk mamma eit slikt gåvekort. Ho valde seg ei Nancyjakke, og no er jakka endeleg ferdig. Det har teke si tid, men, men....
Jakka er strikka i originalgarnet: minialpakka frå Sandnes. Eg bytte ut den mørkebrune med lillarosa, som er meir etter mamma sin smak. Eg la opp etter str L på bol og ermar, men felte ned til str M då eg starta på mønsteret/rundfellinga. Eg er ingen stor fan av alpakkagarn, for eg synest det er så glatt å strikke med. Men resultatet vert nesten som ein akvarell, fargane går liksom litt over i kvarandre.
Jakka er altså ein smule for stor for elleveåringen, men eg kryssar fingrane for at den sit betre på rette mottakar.