Etter at eg la ut dette blogginnlegget for tre veker sidan, fekk eg bestilling på ein slik regnbogekjole. No er bestillingsverket ferdig og avfotografert i nyvaska tilstand i surt vinterver.
Det grå er Sisu, medan Kauni står for dei fine regnbogefargane.
Det gjekk med nesten 200 gram Sisu og ca 75 gram (eit halvt nøste) Kauni. Eg strikka på pinnar nr 3,5 og strikka frå halsen og ned.
Eg har ikkje oppskrift til kjolen, så eg strikkar berre på gefühlen. Kjolen er sånn cirka i str 10 år.