Seint, men godt: eg har oppdaga dei fantastisk fine Bellavottane!
Vottane har fått namn etter hovudpersonen i filmen Twilight (2008). Ho har på seg grå vottar med fletter på. Meir om vottane og lenke til både engelsk og norsk oppskrift finn du her: http://www.strikkeoppskrift.com/bellas-mittens-bellas-votter
Mine to første (ja, eg reknar med at det vert fleire...) er strikka av Nepal frå Drops på pinnar nr 5. Eg strikka kortversjonen og synest dei eigentleg vart lange nok.
Ser at fargane varierer litt frå bilde til bilde, det er nok det øvste bildet som gjengir fargane best.