Boka #bystrikk ligg på bestseljartoppen og det kan eg godt forstå. Gudrungenseren må vere eit av dei mest populære strikkemønstra for tida. Her er min versjon, strikka av Pickles Pure Wool og Nøstebarn-garn.
Hovudfargen er Isbre frå Pickles, ein fantastisk fin blåfarge. Det kvite er ein tråd totråds merino og ein tråd angoragarn frå Nøstebarn. Det mørkaste blå er dobbel blåbærblå totråds merinoull frå Nøstebarn.
Heile genseren er strikka på pinnar nummer tre. Eg strikka den største storleiken, dvs 10 år, og det passa bra til åtteåringen.
Genseren fekk seg ei runde på silkevask i maskina (30 grader) og vart endå mjukare.
Det gjekk med ca 210 gram Pickles Pure Wool, ca 50 gram av det kvite og ca 40 gram av det mørkeblå.