Ein gong i fjor kjøpte eg ein garnpakke frå Pickles: varm vimpelgenser. Først no har eg endeleg strikka genseren, og det gjekk veldig kjapt unna. Pinnar nummer fem (vrangbordene) og seks. Eg strikka str M/L, garnet heiter Pickles Cozy.
Vimplane skal eigentleg strikkast i tre ulike fargar, men eg valde å bruke berre to av dei. Synest det vart veldig fint!
Botnfargen er kremkvit, nr 100 (Quarts), medan vimplane er i fargane kald brun, nr 292 (Porfyr) og oker, nr 3810 (Rav). Den tredje vimpelfargen var grasgrøn, nr 17-6229 (Smaragd), men den droppa eg altså. HER kan du sjå alle fargane i Pickles Cozy.
Garnet er ei blanding av babyalpakka, merino og polyamid. Her på Sunnmøre er det forresten skikkeleg surt ver; ei grad og sluddbyer.