Niåringen klaga over at "alle" strikkagenserane hennar hadde vorte for små. Dermed vart islandsgenseren Stryta til i løpet av fem dagar. Tjukt garn og tjukke pinnar=då går det raskt unna.
Mønsteret står i boka Islandsk Strikk og skal eigentleg strikkast av Alafosslopi. Eg har brukt Alfa (grått og rosa) frå Sandnesgarn, som har cirka same strikkefastheita. Den grå fargen har nummer 1042, den rosa er farge nummer 3511. Det kvite er ein rest Air-garn frå Drops.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på pinnar nummer 6. Og for første gong strikka eg vaksenstorleik til minstebarnet: str XS var midt i blinken, faktis.
Alfa-garnet var ei ny oppleving. Godt å strikke av og genseren er visst både mjuk og varm. Garnet er veldig lite drygt, eg brukte åtte nøster med grått og fire nøster rosa.