Altså. Denne genseren trudde eg aldri at eg skulle få ferdig. For hjelpe meg for eit tolmodsprosjekt!
Det handlar om genseren Glittertind, som er i boka Norsk Strikk, fra tradisjon til mote. Det er ikkje éin omgang utan mønster. Her må ein ha full konsentrasjon heile tida, elles ber det gale av stad.
Genseren skal eigentleg strikkast i Peer Gynt, men eg valde Mitu frå Rauma. Mottakaren, ei tantejente, ønskte seg genseren i raudt og kvitt. Og slik vart det! (Det er ikkje mottakaren som står modell her.)
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 3, resten på pinnar nummar 3,5.
Og sidan ingen av storleikane i oppskrifta passa måla til mottakaren, måtte eg improvisere og redusere masketalet. Landa til slutt på XS/S, vil eg tru.
Endeleg vår!