Eg har lenge vore ein stor fan av Valleyknits (Sjekk ut!:
blogg,
Instagram,
Ravelry). Norsk Skoggenser er eitt av dei nyaste designa hennar og er eigentleg ein genser med isydde ermar. Eg bestemte meg for å lage raglanfelling- for å sleppe unna å sy i ermar. Det blei eit ok resultat, synest eg.
Genseren er strikka i dobbel Finull frå Raumagarn. Eg har brukt originalfargane men med ein liten vri: i staden for å strikke dobbelt med same farge, har eg brukt to ulike gulfargar, grønfargar og brunfargar.
Her er fargane: Genseren er strikka i dobbel tråd lys grå, fargekode 0403. Det gule er ein tråd 4076 og ein tråd 0450. Det grøne er ein tråd 0486 og ein tråd 0476. Og det brune (mellom anna vrangbordene på ermane) er strikka i fargane 0464 og 4081.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på nummer 6. Eg strikka etter str L og det vart ein romsleg og ikkje minst varm genser.