9. desember 2009
Bukse
Ribbestrikka ullbukse i str ca 6 år. Tre rette og tre vrange. Eg har brukt Smart frå Sandnes og pinnar nr 4,5.

22. november 2009
Produksjonen går litt tregt for tida, men her er ein liten veksebody. Strikka i tynn alpakka frå Du Store Alpakka. Pinne nr 3. Manglar knappar, men det skal eg nok få ordna:-)!

1. november 2009
Milo igjen....
Eg har gjort det igjen; strikka ein Milo... Denne gongen av ein rest Rowan Baby Alpaca, ca 80 gram. Str 3-6 mnd.
25. oktober 2009
Monsterbukse
Her fekk litt av restegarnet bein å gå på! Buksa er strikka på pinne nr 3,5, og eg har brukt garn som Smart, Heilo, Peer Gynt.... Mønsteret fann eg her. Buksa er i str 4-5 år.

4. oktober 2009
Tova babyvottar
Legg opp 52 m på pinne nr 2,5 med babyull. Strikk så langt du vil ha vrangborda. Den siste omgangen strikkar du rett og feller 22 m, dvs 30 m igjen på pinnnane.
Skift til pinnar nr 5 og finull. Set eit merke i byrjinga og etter 15 m. Auk 1 m på kvar side av merka på annankvar pinne 2 gongar. Då har du 38 m.
Eg strikka 11 cm før eg starta på fellinga: fell 1 m på kvar side av merka på kvar omgang. Når det er 6 m igjen dreg du ein tråd igjennom dei.
Tov! Eg vaska dei på 60 grader.
13. september 2009
Milo nr 4 og 5
Eg kjem stadig tilbake til favorittoppskrifta mi! To nye Milovestar er ferdige. Garnet er henta frå restelageret, og begge er i str 3 år. Den sjøgrøne er strikka i Heilo frå Dale, medan den burgunder er i Smart frå Sandnes. Begge er strikka på pinne nr 3,5, og eg brukte 150 gram garn på kvar.

5. september 2009
Isskrapevott
Framleis ei stund til vinteren kjem- men her er ein isskrapevott eg har laga. Oppskrifta fann eg i denne bloggen. Har brukt garna Tove og Fluffy og pinnar nr 4,5.
Abonner på:
Innlegg (Atom)