4. mai 2013

Bestevennkjole

4-åringen har mange venninner, dei fleste går i same barnehage.  Men det er EI som er sårt sakna, for ho har skifta barnehage..  Då er det veldig koseleg å få bursdagsinvitasjon!  Eg sydde ein kjole,som venninna fekk i gåve. Den er sydd av eit gamalt dynetrekk i herleg, mjuk bomull.  Og fekk eit par hjarte, for å symbolisere venskapen mellom dei to jentene:-) 







26. april 2013

Løvebrøl

To trøytte morgontryne i løvekjolar:-)  Kjolane er sydd i brun velour/chenille og løvestoff i stretchjersey, begge frå Stoff&Stil. 
Jentekjolen er sydd etter eige hovud, veldig enkel modell med strikk i ermar og krage. Romsleg modell som kan brukast lenge.
Vaksenkjolen er sydd etter mønster frå boka Made by me, der Klinkekult har bidrege med Sukkertøykjolen. Str L, men den vart eigentleg litt for stor.  Neste gong kan eg trygt ta inn nokre cm i sidene.
Tarzan fekk ikkje kjole, men ville som vanleg vere med på bilde:-) 

21. april 2013

Hjem

Følgde du med på tv-serien Hjem på NRK1?  Då la du kanskje merke til dei mange fine strikkaplagga. Ein av hovudpersonane, Oda, hadde mellom anna ein veldig fin islandsgenser.  
Det er denne i brunfargar (bildet er henta frå facebooksida til serien).   Og dennne i gråfargar er min.

Mønster og garn er kjøpt hos Birgirsdottir. Det skal eigentleg vere knappestolpe på venstre skulder, men det droppa eg.
Genseren er strikka i Alafoss Lopi på pinnar nr 4,5 og 6, så dette gjekk veldig raskt unna. Genseren er veldig tjukk og veldig varm. 


....og som vanleg dukka Tarzan opp til fotograferinga...

15. april 2013

Og vinnaren er.....!

1. Her ligg det 24 lappar med namna til dei som melde seg på i gi vekk-konkurransen min.
Premien er denne boka av Tine Solheim:
2. No har eg bretta alle lappane saman, slik at eg ikkje ser namna.
3. Så trekkjer eg EIN av lappane....  
4. Og vips! Elviras drops får boka! Gratulerer!
Her er bloggen Elviras drops- absolutt verd eit besøk!

7. april 2013

Grimaseluer

Vinteren nektar å sleppe taket her på Sunnmøre, men vi er like blide og tøysete!  Det er lenge til luene kan leggast vekk, og luer blir det aldri nok av.   Desse tre er strikka i alpakkarestar på pinne nr 3, og er inspirert av fwss-luene.  Eg la opp 110 maskar. 
Mathea (9)

Tord (7,5)

Inga (4,5)




31. mars 2013

Gi vekk!


Har du enno ikkje skaffa deg boka Retromasker av Tine Solheim?  Då har du ein unik sjanse no!  Eg oppdaga nemleg at eg har to slike bøker (kremt....), og det er sjølvsagt ei for mykje.  Så i dag er eg i det gavmilde hjørnet.  Legg igjen ein kommentar og du blir med i trekninga!  Avslutning 14. april, og vinnaren får boka tilsendt:-)


Omtale hos Bokkilden.no: Retromasker er Tine Solheims tredje bok. Inspirasjon har hun funnet i gamle historiske mønstre. Plaggene kan brukes til hverdags, på jobb, på tur og til pent. Nytt i denne boken er kapitlene til barn og ungdom. Her er det noe for en hver smak. Alle oppskriftene er samlet i et oppskriftshefte bak i boken.

13. mars 2013

Skyskrapartunika

Tunikaen er ei fin blanding av mønsteret Cityscape (HER er lenke til Ravelry) og Mariustunika. Strikka i finull  frå Rauma på pinnar nr 3 (puh!).  Eg gjekk altså utifrå oppskrifta til Mariustunika str 10 år, som eigentleg skal strikkast i Sisu.  Så no har Mathea ein heil by på skuldrane sine!