Lanternefargar på tomlane.
19. desember 2013
Sjømannsvottar- igjen
Nok eit bestillingsverk- sjømannsvottar strikka i Trysil på pinnar nr 3 i mørkeblått og kvitt.
17. desember 2013
Raupe
Kvit og raud lue med det klingande namnet Raupe, som er tysk og betyr åme. 10-åringen står modell- meir eller mindre frivilleg.
Lua skal følgje Frejavottane som julegåve, og er difor strikka i same garn og fargar som vottane: Raud og kvit Sisu. Dette er eit tynnare garn enn det oppskrifta legg opp til (http://www.ravelry.com/patterns/library/raupe), så eg la opp til største str. på pinnar nr 3.
Her er det lett å sjå åmemønsteret:
9. desember 2013
Freja
Dette er truleg dei vakraste vottane i verda. Freja er ei gratisoppskrift på ravelry.com: http://www.ravelry.com/patterns/library/freja
Framsida er nydeleg...
... men det er jammen meg baksida også!!!!
Eg har strikka dei i raud og naturkvit Sisu på pinnar nr 2,5.
Framsida er nydeleg...
... men det er jammen meg baksida også!!!!
Eg har strikka dei i raud og naturkvit Sisu på pinnar nr 2,5.
3. desember 2013
Uglevottar
Desse fantastiske vottane er nesten for fine/tøffe/kule til å vere sanne! Dei er designa av Jorid Linvik og oppskrifta får du kjøpt her: http://www.joridweb.com/butikk/butikk.html
Eg har brukt same garn som tilrådd i oppskrifta: koksgrå og lys grå Sisu. Vottane er strikka på pinnar nr 2,5.
30. november 2013
Hønsestrikk
Det tok nesten tjue år (!!!?) å få ferdig denne genseren. Eller- eg strikka bol og ermar ein gong på 90-talet. Så vart det lagt til side, kanskje fordi eg ikkje gadd å montere akkurat då? Vel, genseren dukka nyleg opp att, og eg brukte berre eit par timar på å sy i ermane og ordne kragen....
Eg hugsar ikkje kven genseren var tiltenkt i utgangspunktet, men eg gjettar eit tantebarn (som sjølvsagt ikkje lenger har bruk for eit plagg i str ca 2 år:-))
Det er altså restegarn som er brukt, truleg Heilo, Peer Gynt og liknande. Så no må eg finne ein verdig mottakar!22. november 2013
Rillejakke
Dette var eit relativt raskt prosjekt: rillejakke frå Nøstebarnboka. Eg har ikkje brukt originalgarnet, men Nepal frå Drops. Rundt kantane hekla eg fastmaskar.
Str 2 år. Og knappane er absolutt prikken over i-en:-) Kjøpt på etsy.com for ganske lenge sidan.
4. november 2013
Fuglevottar
Fugleinteressert venninne med burgunder som yndlingsfarge. Kva passar vel betre i gåve enn dette votteparet?
Mønsteret er henta frå ravelry.com: http://www.ravelry.com/patterns/library/bird-mitten-chart
Eg har brukt pinnar nr 3, og garnet er Panda babyull (det kvite) og Inka (det burgunder).
Mønsteret er henta frå ravelry.com: http://www.ravelry.com/patterns/library/bird-mitten-chart
Eg har brukt pinnar nr 3, og garnet er Panda babyull (det kvite) og Inka (det burgunder).
Ser du fuglane:-)?
Abonner på:
Innlegg (Atom)























