1. juli 2015

Kjolar av dynetrekk


 Sying er (diverre) ikkje kvardagskost her i huset.  Det innsåg eg då ungane benka seg rundt meg for å sjå meg sy i dag tidleg:-)

Å sy er noko eg gjerne gjer om sommaren, og denne gongen var det eit gamalt og godt brukt dynetrekk som skulle til pers.  Resultatet vart kjolar til 6- og 11-åringen.

Skikkeleg fint stoff med fint mønster!



Og i dag kom endeleg sommaren til Sunnmøre!


29. juni 2015

Stripekjole


29. juni og sommar. Sol? Varmt?  Bading i sjøen? Nix. Ikkje her. Her er det 12 grader, skodde og duskregn.  Difor passa det bra å posere i eit varmt strikkaplagg i dag.
Litt usikker på om dette er ein kjole eller ein tunika
Strikka av 100 gram tretråds Albulita merinoull frå Pickles, og ca 100 gram Kauni i fargen EX på pinnar nr 3,5.  Stripene er fire omgangar breie.
Eg strikka frå halsen og ned, starta med 66 maskar og auka så ut ved på annankvar omgang. 
6-åringen er 132 cm høg, så kjolen er vel i str 9-10 år, vil eg tru.



Mao lite som minner om sommar på desse kantane av landet.  Men kjolen har i alle fall ein sommarfuglknapp!

21. juni 2015

Retrojakke


Etter tidenes travlaste vår har eg no endeleg tid til å ferdigstille diverse prosjekt.  I dag fekk endeleg denne retrojakka knappar. 
Jakka er strikka i Nepal frå Drops, og var eit svært kjapt prosjekt. Str S passa perfekt til 11-åringen. Oppskrifta er henta frå boka "Strikk med raske pinner".













19. juni 2015

Hitchhiker

Laaange sjal er slett ikkje enkle å ta bilde av.  I alle fall ikkje når sjalet er dobbelt så langt som vedkomande som skal vise det fram.  
Hitchhiker er eit svært populært mønster på ravelry.com, og eg har strikka det ein gong før.  Også denne gongen skal sjalet gjevast til ein lærar gjennom dei fire første åra på barneskulen.


Armane er litt for korte.....

Sjalet er strikka av ein tråd alpakka frå Drops og ein tråd silkeull frå Nøstebarn. Eg brukte pinnar nr 4, og det gjekk med 150 gram alpakka og 100 gram silkeull.

5. april 2015

Enkel bestefartrøye med korte ermar

Ups, something went wrong......  Enkel bestefartrøye frå Pickles har lange ermar.  Min versjon har korte ermar.  Kva skjedde??
Vel, det skjedde ikkje noko meir dramatisk enn at eg ikkje hadde nok garn. Ifølgje oppskrifta skulle det halde med 100 gram Puckles merino tweed i str 1 år.  Det gjorde det altså ikkje. 
Trøya er strikka frå erm til erm.  Dermed måtte eg rekke opp nokre riller på erm nr 1 for å få nok garn til å fullføre erm nr 2.
Fargen heiter Røsslyng og har nr 5538. Eg har brukt pinnar nr 5,5.

14. mars 2015

Fuglegarn

Endeleg var det på tide å henge ut samlinga med garnendar!  Dermed kan det verte ein del fargerike og ikkje minst varme fuglereir i området her no i vår.
Eg har spart på alle små og store garnstubbar det siste året. Samlinga vart etter kvart stor og fargerik.

Nydeleg vårdag og fuglekvitter rundt huset.
Her kan fuglane finne BÅDE byggemateriale OG mat.

No ventar vi spent på om fuglane vil bruke det nye tilbodet.

Eh, er visst fleire som ventar spent....