27. desember 2015

Sytten, atten, nitten....

Talet er nitten. I vekene før jul strikka eg nemleg så mange mariusvottar. Og kor mange som framleis er i heimen..? Ingen.
Desse tre para er dei siste, alle strikka i Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nr 6.
Dette må vere tidenes kjekkaste votteoppskrift! Raske og enkle å strikke, og så kan dei varierast i det uendelege med ulike fargar. I tillegg er dei funksjonelle: varme og mjuke


25. desember 2015

Kjolar til systre

Fønvind og tolv plusgrader. Då passar det med sommarkjolar, sjølv om det er aldri så mykje desember.
Kjolane er sydde i bomullsstoff frå Panduro, og på hovudstoffet er det små mus og blomster.

Kjolane er i str. 6 og 2 år, og forsvann som julegåver til to systre.

22. desember 2015

Siste par ut (?)

Det tek visst ingen ende:-)  Tre nye tova mariusvottar er ferdige i god tid før jul, og rekk dermed å bli julegåver.
Alle tre er strikka av Fritidsgarn frå Sandnes.


21. desember 2015

Lilla og grå mariusgenser

Ikkje snø, men kaldt likevel!  Denne mariusen er ein tru kopi av denne:  http://lindeik.blogspot.no/2015/02/mariusgenser.html
Genseren er i str S og er strikka i Falk frå Dale i fargane lilla, lys og mørk grå. Garnet kjøpte eg på tilbod på nyåret, då siste rest av norskprodusert Dalegarn skulle seljast ut.




13. desember 2015

....og endå fleire vottar...

Gratisoppskrifta på tova mariusvottar (Sandnesgarn) er visst sterkt vanedannande.  Tre nye par er ferdige-  og straks på veg ut til nye eigarar. Frå før har eg strikka desse seks og desse fire para.
Alle er strikka i Fritidsgarn på pinnar nr 6.,,,
..og tova på 40 grader i maskin.

8. desember 2015

Endå fleire mariusvottar


Jepp, eg har strikka endå fleire mariusvottar. 
Dei fire para er alle strikka av Fritidsgarn frå Sandnes og tova på førti grader. Oppskrifta finn du her:
http://www.sandnesgarn.no/marius-tova-votter-1

Kjekt å sjå kor ulike vottane blir med ulike fargekombinasjonar!







Høgt häng dei, og varme er dei.

7. desember 2015

Nok ei Nancy


Så var det dette med desember og fotolys då...  Ikkje mange minutt midt på dag det er nokolunde lyst, spesielt når vi ikkje har snø.  Vel, snart 12-åringen poserer i eit bestillingsverk. Nancyjakka er strikka i originalgarnet Sandnes minialpakka.
Fargane er kaki (hovudfarge), natur, svart og grå.

Jakka er i str S med litt ekstra lengd på ermane.