Stripekjolen frå Pickles har stått på ønskelista lenge. Og når eg først starta, vart det eit litt langdrygt prosjekt. Patentstrikkinga tok jammen tid!
Kjolen er strikka i originalgarnet Albulita på pinnar nr 4.5. Hovudfargen er lyseblå, medan farge nummer to er melert i blåtonar. Str 9-11 år.
Resultatet vart ein fantastisk mjuk kjole, som mottakaren er strålande fornøgd med.
30. september 2012
30. august 2012
Garn utan plan
Nøstebarn har kome med nokre nye garnfargar. Eg må sjølvsagt teste- og i tillegg til nyefargen paprika, hamna tre nøster til i bestillinga. Eg synest desse fire fargane er utruleg fine saman!
Eg har ingen konkrete planar, men eg anar vel eit eller anna stripeprosjekt. Har du eit forslag? Kom gjerne med det!
26. august 2012
Nøstebarntunika
Av og til, eller ganske ofte, kjem eg over oppskrifter eg legg ein stad i bakhovudet mitt. Tunikaen frå Nøstebarn er eit slikt strikkaplagg. Den har lege i bakhovudet mitt i nokre år, men det er først no eg har strikka den.
Eg har brukt 2-trådsgarn frå Nøstebarn, og pinnar nr 5 og 6. Str L. Eg vedgår at dette er småkjedeleg strikk- einsfarga rettmaskar heile vegen. Men det vart eit varmt og luftig plagg- tunikaen veg berre 150 gram!
Vanskeleg å gjengi rett farge- men dette utebildet er nok nærast.
20. august 2012
Driftwood
Godkjent av katten! Ikkje så rart, sidan gensaren er strikka i 100 pst ull. Og jaudå, dette vart ein veldig mjuk og varm gensar. Mønster finn du her.
Gensaren er strikka frå toppen og ned.
Den mintgrøne og den mørkaste grå er Ask frå Hifa. Resten er tretrådsgarn frå Nøstebarn.
Eg strikka den på pinnar nr 4,5 i str L, og brukte 100 g av kvar farge.
Gensaren er strikka frå toppen og ned.
Den mintgrøne og den mørkaste grå er Ask frå Hifa. Resten er tretrådsgarn frå Nøstebarn.
Eg strikka den på pinnar nr 4,5 i str L, og brukte 100 g av kvar farge.
5. august 2012
Feriemodus
Tradisjonen tru: eg strikka oppvaskklutar på ferieturen. Denne gongen vart det fire stk på den sju dagar lange turen til Danmark. Klutane er strikka i Paris frå Drops på pinnar nr 4. Enkel oppskrift: legg opp 45 m. Strikk 3 r og 1 vr, avslutt med 1 rett. Strikk alle pinnar på denne måten. Desse fire fekk svigermor som takk for pass av hus og kjæledyr:-)
I Københamn måtte eg sjølvsagt innom garnbutikken Rasmilla (http://www.rasmilla.dk/), som blir driven av Sanne Bjerregaard. Utanfor butikken hang denne tunikaen:
Og ja, eg kjøpte garn til ein slik tunika. Det er Rasmillas Yndlingsgarn, som er ei blanding av ull og bomull.
Tunikaen skal strikkast i dobbelt garn. Det er heile sju ulike fargar. Eg valde lilla- og gråtonar, og er veldig spent på korleis den blir!
24. juli 2012
Stripegalskap
Ta behov for ny strikkadress + ein snart 4-åring + fire hesper Ask i herlege fargar + ei strikkevilleg mamma = flunkande ny ulldress midt på sommaren!
Dressen er strikka etter eige hovud, rett og slett fordi eg i farta ikkje fann oppskrift på dress i ca str 5 år. Eg brukte pinnar nr 3 på vrangbordene og 3,5 på resten av dressen. I fargeskifta strikka eg ein omgang rett frå vrangen, for å få ei rilleeffekt. Raglanfelling gjer at dressen blir god under regndress og vinterdress.
Vinterdress med sommarfuglknappar:-) |
Lime, oransje, rosa og lila striper. Kantane er grå. |
I ermbrota er det hol til tomlane- kan vere godt under vottane:-) |
På blåbærjakt. |
Utruleg fine fargar i Ask frå Hillesvåg! |
Dressen er strikka etter eige hovud, rett og slett fordi eg i farta ikkje fann oppskrift på dress i ca str 5 år. Eg brukte pinnar nr 3 på vrangbordene og 3,5 på resten av dressen. I fargeskifta strikka eg ein omgang rett frå vrangen, for å få ei rilleeffekt. Raglanfelling gjer at dressen blir god under regndress og vinterdress.
Stikk av frå fotografen. |
16. juli 2012
Osloanorakk nr 3
Eh, ja, alle gode ting er tre. Nummer tre i rekka av Osloanorakkar er ferdig. Denne gong i str 6-12 mnd. Det melerte garnet er sokkegarn frå Online (Bambini) og det lilla er sokkegarn frå Cash Sock. Heile anorakken er strikka i dobbel tråd på pinne nr 4,5.
Vanskeleg å få fram på bilde- men knappane er kvite med grøn bamse på.
Vanskeleg å få fram på bilde- men knappane er kvite med grøn bamse på.
Abonner på:
Innlegg (Atom)