30. august 2014

Stjerneruter

Har du fått med deg koftedilla som herjar i landet? Gamle kofter og koftemønster vert leita fram igjen og får nytt liv, spesielt gjennom Facebookgruppa Koftejakten. I løpet av året kjem det ei eiga koftebok, laga av Liv Sandvik Jacobsen og Lene Holme Samsøe.  I den boka er mønsteret på denne Stjernerutekofta med.
Dette er eit gamalt mønster frå Sandnes, opphavleg laga for Triplex-garnet. Eg har brukt Pickles pure wool (det turkise) og dobbelt totrådsgarn frå Nøstebarn (naturkvitt) Nøstebarn og Pickles er mine desiderte favorittar på garnfronten, så dette vart absolutt ein heldig kombinasjon.
Eg brukte pinnar nr 3 på vrangbordene, nr 3,5 på resten. Garnforbruket vart ca 300 g av kvar farge.
Det er ikkje ein einaste einsfarga omgang på heile jakka, så det krev full konsentrasjon når denne skal strikkast:-)

Eg synest kofta vart veldig fin, og eg er fornøgd med at eg klarte å velje litt utradisjonelle fargar.
Nok fotografering for denne gong:-)





22. august 2014

Regnbogetunika


Regnboge?, seier du. Dette ser vel ut som ein grå tunika med mørkegrå hjarte...? Jepp, det er det. Men tunikaen har ei lita overrasking på venstre side: åtte hjarte i regnbogefargar.
Tunikaen er strikka i totråds årgangsull frå Nøstebarn. Eg hadde to lysegrå 100 grams hesper med ulik fargenr, og rundt 80 gram mørkegrått. Løysinga var å strikke med dobbel tråd, dvs ein av kvar av dei lysegrå.
Til slutt broderte eg maskesting på nokre av hjarta.
Eg brukte pinnar nr 4, og starta i halsen og strikka nedover. Str ca 7-8 år.



11. august 2014

Feriegenser

Denne oppskrifta fann eg her: http://www.pickles.no/feriegenser/

Tiåringen plukka garnet sjølv, då vi var innom Picklesbutikken i Oslo i 34 plussgrader i sommar. Rask strikk! Oppskrifta starta på XS, så eg reduserte litt på masketalet og landa vel på ein XXS-str.







9. august 2014

Anorakkbonanza


Osloanorakken frå Pickles vart visst årets sommarstrikk:-) Tre stk til no: ein i str 1år (blå og beige), ein i str 3-4 år (rosa og grå) og ein i str 7-8 år (grøn og beige). Alle er strikka i Nepal frå Drops.
- Den er varm, mamma!!! 

Knappar...

Kjekt med hjelp når det skal takast bilde!

18. juli 2014

Romper


- Ullbukse midt på sommaren??? Tullar du??? 
Tja, sommarulla frå Pickles har rett nok ull i seg, men berre 30 prosent. Resten er bomull. Difor er det fullt mogleg å bruke denne romperen eller seleshortsen også på denne tida av året.
Eg brukte ganske nøyaktig 100 gram sommarull i fargen blåklokke, brukte pinnar nr 3,5 og strikka i 6 mnd str.
Oppskrifta var enkel å følgje! Mottakaren er eit halvt år gamal, så buksa passar akkurat.

23. juni 2014

Bellakjole

Denne Bellaen vart dåpsgåve til mitt yngste tantebarn.  Eg brukte Blackhill højlandsuld i ein farge eg ikkje anar namnet på. Garnet har ulike lillanyansar, og er mjukt og herleg.

Eg strikka med pinnar nr 3 og følgde den minste str i oppskrifta.
Vanskeleg å få fram rette fargen...

19. juni 2014

Svart marius

Eg har tidlegare stort sett strikka mariusmønsteret i tradisjonelle fargar; blått, raudt og kvitt.  Men eg synest denne varianten i svart, raud og kvitt også vart veldig fin.
Genseren er strikka på bestilling i Extra Fine Merino frå Drops.  Eg brukte pinnar nr 3 og 3,5, og håper at det ikkje vert for mykje sig i plagget.  Str XL, med ekstra lengde på bol og ermar.

Det er herleg med lyse sommarkveldar, desse bilda tok eg i 2230-tida.  Men det regna heftig, så det er nokre regndropar både på linse og genser.