8. oktober 2016

Regnbogekjole


Alle gode ting er tre. Tidlegare har eg strikka to slike regnbogekjolar, den første kan du sjå her, den andre er her.  Dette tredje eksemplaret er eit bestillingsverk.  Strikka frå halsen og ned på pinnar nummer 3. Det grå garnet er Baby Panda frå Rauma, medan Kauni har æra for dei vakre regnbogefargane.
Heile sju knappar på høgre side. Knappane er mørkegrå. Det gjekk med ca 180 gram Baby Panda og ca eit halvt nøste Kauni, dvs ca 75 gram.

Bestillaren ville ha ein kjole i str sju år.  Trur det skal passe bra, sjølv om den på åtteåringen (ho 140 cm) er meir som ein tunika. 


23. september 2016

Bellavottar x 2

Seint, men godt: eg har oppdaga dei fantastisk fine Bellavottane!
Vottane har fått namn etter hovudpersonen i filmen Twilight (2008). Ho har på seg grå vottar med fletter på.  Meir om vottane og lenke til både engelsk og norsk oppskrift finn du her: http://www.strikkeoppskrift.com/bellas-mittens-bellas-votter
Mine to første (ja, eg reknar med at det vert fleire...) er strikka av Nepal frå Drops på pinnar nr 5.  Eg strikka kortversjonen og synest dei eigentleg vart lange nok.
Ser at fargane varierer litt frå bilde til bilde, det er nok det øvste bildet som gjengir fargane best.

27. august 2016

Eskimo

Eg er stadig på leit etter nye måtar å bruke yndlingsgarnet mitt på: totråds merinoull frå Nøstebarn.  I denne Skappelgenseren, Eskimo, har eg difor brukt ein tråd Suri og ein tråd Nøstebarnull.  Det funka framifrå!
Oppskrifta på hettegenseren med lomme er henta frå boka "Mer Skappelstrikk". Genseren skal eigentleg strikkast i Suri og minialpakka, men eg skifta altså ut minialpakkaen med ull frå Nøstebarn.   Kvit Suri og blåbærblå ull vart ei vakker blanding, og ifølgje mottakaren er genseren skikkeleg herleg. 
Eg strikka genseren i str S på pinne nummer 7. Oppskrifta er enkel og lett å følgje. Stilig med detaljar som lomme og hette. Eg innbiller meg at nøstebarngarnet gir genseren litt meir "hald", slik at den kjem til å halde fasongen og ikkje sige.
Eg brukte nesten 350 gram Suri, medan det var nok med rundt 150 gram merinoull.



11. august 2016

Raskt babysett

Angoragarnet frå Nøstebarn er noko av det mjukaste eg veit. I denne jakka har eg strikka med ein tråd angoragarn og ein tråd totråds merinoull, også frå Nøstebarn.
Jakka er i str 3 månader.  Det vart eit litt uroleg uttrykk av meleringa, men eg håper mottakaren synest den er ok. Varm og mjuk er den i alle fall!
Eg strikka også ei lita lue til, berre i lilla. Både den og jakka er strikka på pinnar nr 4, så det gjekk raskt unna.

Oppskrifta er henta frå boka Strikk meir til Nøstebarn.

29. juli 2016

Røverkofte

Det har gått mykje i grått den siste tida på strikkefronten.  Denne jakka, som er designa av Kristin Wiola Ødegård, finst i både vaksen- og barneversjon.
Eg har strikka jakka i to gråfargar Smart frå Sandnes, to blåfargar minialpakka frå Sandnes og koksgrå Smart.  Mottakaren har grått og blått som yndlingsfargar, så då vart fargevalet slik.

Jakka er strikka i str XL.

28. juli 2016

Graziela-kjole

Har du høyrt om den tyske designaren Graziela Preiser?  Det ho laga av stoff og sengetøy var svært populært på 1970-talet.  No har dottera Nina relansert mønstera, og denne kjolen er sydd av eit slikt byGraziela-stoff.
"Eg likar ikkje oransje, mamma, men eg kan sikkert klare å bruke kjolen." Sjuåringen har endra smak- i mange år hadde ho oransje som sin absolutte favorittfarge.  Motstanden mot oransje botnar nok mykje i at erkerivalen på fotballfronten, Aalesund, har oransje drakter...
Kjolen er sydd etter same mal som alle kjolane eg har sydd (never change a winning team..). Forstykke, bakstykke, to ermar og strikk i halskanten.
Vil du lese meir om byGraziela? Du finn heimesida her: http://www.bygraziela.com/?___store=bygraziela_en&___from_store=bygraziela_de
Her seks kjolar samla, tre vart sydde i fjor sommar, to i sommar og den siste er arvegods frå storesystera- sydd for cirka fem år sidan.
Kjolane er suverene til bade bytur og strandtur, dei er mjuke og lette.

26. juli 2016

Grå mariusgenser

Det har vore mykje grått ver her på Sunnmøre i sommar. Denne mariusgenseren står difor litt i stil med sommarveret.
Genseren er strikka av Smart frå Sandnes i fargane grå, natur og svart. Str M, herre.
No blir genseren med i bagasjen til London, der han skal få ny eigar.