16. februar 2020

Føyka

Denne genseren heiter Føyka, og er å finne i boka Villmarksgensere av Linka Neumann, som kallar seg Valleyknits i sosiale medium. Eg har tidlegare strikka Norsk skoggenser frå same designer.
Eg har brukt Blåne pelsull frå Hillesvåg, kjøpt under Bergen Strikkefestival i fjor haust. Det er tre ulike fargar: naturgrå, mellomblå og lys dongeriblå. Her kan du sjå alle fargane garnet finst i.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på pinnar nummer seks. 
Det skal eigentleg vere høg hals på genseren, men det er eg ikkje så glad i. Difor valde eg å felle av med icord då mønsteret var ferdigstrikka.
Resultatet er ein nydeleg mjuk og varm genser! Pelsullgarnet frå Hillesvåg var ei ny og positiv oppleving.



6. februar 2020

Trær

Puh, dette var ein ganske langdryg affære: Trær-genser frå kolleksjonen Sandesgarn har laga i samarbeid med Cecilie Skog.
Genseren er strikka i originalfargane: rustbrun og kitt Babyull Lanett. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 2,5, resten på pinnar nummer 3.
Mottakar ønskte seg str XS, men med ekstra lengde på ermane.  
Veldig fint mønster, men det tek si tid å strikke: ikkje éin omgang utan mønster og ganske tynne pinnar. 


28. desember 2019

På Marius-køyret igjen....

Det har nesten vorte ein tradisjon: i tida før jul lagar eg tova Mariusvottar. Eg finn stadig nye personar eg kan "prakke" på eit slikt vottepar, he he. I år blei det tolv par vottar og seks par Mariustøfler. Tøflene rakk eg ikkje ta bilde av før dei vart pakka inn.  Votteoppskrifta finn du her. Og oppskrifta på tøflene ligg her.
Alt er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nummer seks. 





26. desember 2019

Retrojakke

Eg har ein del Nepal frå Drops liggande, og då eg skulle strikke julegåve til mora mi-fall valet på retrojakka. (Sekstenåringen stilte opp som modell før jakka vart pakka inn.)
Oppskrifta er i boka Strikk med raske pinner, som Kristin Wiola Ødegård gav ut i 2013. Eg brukte to gråfargar, natur og tre rosafargar. Jakka er kjapp å strikke, sidan det blir brukt pinnar nummer seks.

Eg strikka str S, og i følgje rapport frå mottakaren, passa jakka perfekt.


6. november 2019

Grå krigergenser


I løpet av hausten har det også vorte ein grå krigergenser (les om den brune her). 
Denne beheld eg sjølv! Veldig mjuk og varm, og artig å strikke frå halsen og ned. 

5. november 2019

Haustlue som matchar nausta

I slutten av september var eg på Bergen Strikkefestival i Salhus. Der kjøpte eg oppskrift og garn til ei lue- og her er resultatet.
Garnet er Museumstvinn frå Salhus Trikotasjefabrikk, og oppskrifta vart lansert før strikkefestivalen i fjor. Her kan du lese meir om det.
Då den ferdige lua skulle fotograferast, oppdaga vi at fargane passa perfekt til ei rekkje med naust på Osnessanden her i Ulstein.
Lua er strikka i tre ulike fargar på pinne nummer 3,5. Og garnet? Fantastisk godt å strikke av!

4. november 2019

Skoggenser

Også den eldste dottera ønskte seg Skoggenser, så då vart det ein lysegrå variant. 
Genseren er i str XS og er strikka i Kos frå Sandnesgarn.
Her er begge to!