6. juni 2012

Oldemorsteppe


Hurra!  I dag er det både 17. mai og julaftan- for eg har fått ferdig oldemorsteppet eg starta på for to år sidan.    Den gongen kalla eg det eit evigheitsprosjekt, og varsla at det kom til å gå både vinter og vår før eg vart ferdig.  Vel, det har gått 2xvinter og 2xvår.....


Kvifor eg har brukt så lang tid?  Tja, sjølve heklinga gjekk ganske raskt, sjølv for meg som eigentleg ikkje kan hekle.   Samanheklinga grudde eg meg til, så den utsette eg nokre månader.   Men det gjekk greit då eg endeleg tok mot til meg.   Men så var det denne trådfestinga då....   Hjelpe meg kor mykje tid eg brukte på det!

Teppet er sett saman av 96 ruter, hekla i merinoull frå Drops. Rundt kanten har eg prøvd meg på ein enkel heklekant.

Oldemorsteppet skal etter planen pryde senga til 8-åringen i huset.   Trur ho nesten hadde gitt opp trua på at teppet skulle bli ferdig:-)!

10 kommentarer:

  1. Nyyydelig!

    Dette kan du virkelig være stolt av.

    SvarSlett
  2. Så fint det blei da! Tenker snuppa syns det var verdt å vente på jeg :) Jeg skjønner hva du mener med at ting tar tid. Jeg har en haug av lapper liggende... De har ligget på samme plassen i ett år snart... På tide å tenke på sette dem sammen kanskje...?

    SvarSlett
  3. Flott teppe - og nydelige farger du har brukt! All grunn til å være fornøyd med arbeidet :)

    SvarSlett
  4. Flinke Linda! Og kjempefint vart det og så fine fargar på det.
    Eg har eit liknande eg begynte på for tre år sidan, var heilt hekta på hekling, men så vart det brått stopp...Det er faktisk i bruk sjølv om det ikkje er ferdig. Må sjå å få kome meg i gong igjen! Det mest irriterande er at eg har ganske mange nesten ferdig prosjekt liggande. Det er så vanskeleg å motivere seg til å ta fatt på det igjen etter ei stund...
    Håper at alt er bra med dokke.
    klem frå mari

    SvarSlett
  5. Gikk på samme smellen når jeg heklet mitt første teppe. Nå fester jeg tråder etterhvert. Men TTT,allikevel.

    Flotte farger du har brukt!:)

    Klem fra Meta

    SvarSlett
  6. Teppet har blitt kjempefint! Har selv en haug med lapper som burde vært montert sammen, men det har skjedd fint lite hittil... Muligens et sommerprosjekt... :)

    SvarSlett
  7. Nydeleg teppe i fantastisk fine fargar. Ønskjer deg ei fin veke.

    SvarSlett
  8. Det ble jo bare helt NYDELIG!! Så flotte farger!

    SvarSlett
  9. Så lekkert teppe i delikate farger! :)
    Gratulerer med at du har fått det ferdig!
    Jeg skal hekle meg et slikt teppe jeg også, og holder på å trene på en blokk. Sliter litt med hjørnene, men øvelse gjør jo mester. :)
    Klem Lisa

    SvarSlett