Frekt og freidig har eg brukt mønsteret til
Osloanorakken (frå Pickles) til å lage ein Rosenborggensar. Svart og kvit Lima frå Drops er brukt, det gjekk med ganske nøyaktig tre nøster (150 gram) av kvar farge. Pinnar nr 4,5.
Detalj: RBK er brodert med maskesting. Og det måtte sjølvsagt vere fotballknappar på eit sånt plagg!
Så molefonken blir ein Høddsupporter når ho blir tvinga til å prøve ein RBK-gensar, berre fordi mora har lyst til å sjå korleis gensaren ser ut PÅ, liksom.
Eg strikka str 3-4 år. Osloanorakken er forresten eit fantasisk plagg: fin fasong, kjekk å strikke og enkel å variere i fargane.