Kanskje feil å kalle dette Skappelgenser, men prinsippet er i alle fall det same: fram og tilbake-strikk i det uendelege. Denne gongen har eg ikkje brukt mohair, men dobbel tråd Baby Alpaca Silk frå Drops.
Denne er berre pittelitt lengre bak enn framme, og har splitt i sida.
Eg brukte pinnar nr 6,5 og vil tru den er i str M/L. Strikka heile bolen i eitt stykke, før eg plukka opp maskar på skuldrane til ermar. Genseren er hekla saman. Trur nok den kjem til å sige ein del, men elles er det eit mjukt og deilig plagg.
Flott Skappelgenser! Den ligner nesten til forveksling den jeg lagde til jul, både farge og nøyaktig lik fremgangsmåte. Min var kanskje ørlite grann lysere. Ha en fortsatt fin romjul! :)
SvarSlett